A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Midt-Telemark kommune søkjer ein engasjert psykolog til Ung Arena og tilhøyrande tenester som arbeider med barn og ungdom (13–20 år) og familiar. stillinga fokuserer på tidleg innsats, samskaping og tverrfagleg samarbeid.
Arbeidet krev norsk autorisasjon som psykolog, god skriftleg og munnleg framstellingsevne, samt evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
Vil du vere med på å forme framtidas psykiske helsetenester for barn og unge?
Avdeling for helsefremjande og førebyggjande arbeid i Midt-Telemark kommune omfattar Ung Arena, Rask psykisk helsehjelp, samt helsestasjon, skulehelseteneste og jordmorteneste. Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk psykolog som ønskjer å vere med på å utvikle og styrkje tilbodet til barn, ungdom (13-20 år) og familiar gjennom tidleg innsats, helsefremjande arbeid og tverrfagleg samarbeid. Det vil vere tett samarbeid med leier, øvrige i avdelinga og relevante andre innanfor oppvekst og helse i kommunen.
Som psykolog ved Ung Arena får du ei sentral rolle i vidareutviklinga av eit lågterskeltilbod for barn og unge, der samskaping, medverknad og samarbeid står sentralt.

Ønska kompetanse
Personlege eigenskapar vert tillagd stor vekt.
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient‑/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.