Get more replies from employers
Send a job-specific resume in minutes.
Poliklinikken i Ålesund (BUP) søker psykolog til vikariat i eit fagmiljø som tilbyr behandling til barn og ungdom. Stillinga er 100% og tilknytta generalistteamet med akutt/ambulant team, og omfattar rettleiing til andre psykologar.
Aktuelle kandidatar må ha norsk autorisasjon, erfaring med barn/unge, god norsk kunnskap og politiattest. Startdato snarast, eller etter nærare avtale.
Poliklinikken (BUP) i Ålesund har for tida ledig eit vikariat for Psykolog
Arbeidet er tilknytta generalistteam, og tiltredelese fra snarast, eller etter nærare avtale med seksjonsleiar,
Poliklinikken i Ålesund (BUP) er samlokalisert med akutt sengepost/døgnseksjon og har eit breitt samansett og spanande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge, og familiane deira. Personalet på poliklinikken er samansett av fleire yrkesgrupper og er organisert i tverrfaglege geografisk organiserte team.
I tillegg til generalistteam har vi eit akutt/ambulant team. Vi har etablerte ressursgrupper som mellom anna gir tilbod om spesialisert OCD-og angstbehandling (mellom anna med ein 4-dagars behandlingsmodell), eit spanande fagmiljø for gruppebehandling, sped- og småbarn, samt at vi innehar spesialisert kompetanse for barn og ungdom med eteforstyrringar, psykoser og traumer.
Vi legg vekt på god kontakt og tett samarbeid med førstelinetenesta, noko som betyr at rettleiingsoppgåver for denne gruppa er ei forventa arbeidsoppgåve.
Er du nysgjerrig på fagfeltet vårt og kan tenke deg ei stilling som psykolog der du vert ein del av eit godt fagleg fellesskap?
Å vere personleg eigna vert vektlagd ved tilsetting
Vi ber om attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg.
Inger Ann Berge,Seksjonsleiar,70167200,inger.ann.berge@helse-mr.no
Geilebergvegen 20
6017Ålesund
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5170010896
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 21.09.2026
Sluttdato: 31.12.2027
Søknadsfrist: 06.09.2026