Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Møre og Romsdal fylkeskommune søker ein prosjektøkonom til eit årsvikariat i ein stor portefølje av vegprosjekt. Du vil samarbeide med prosjektleiarar og byggeleiarar, og rapportere til prosjektsjefen. Arbeidsstad kan veljast mellom Ålesund, Molde eller Kristiansund.
Du får ansvar for økonomistyring, budsjett og prognoser, rapportering, og bevilningsrapportering. Erfaring frå bygg og anlegg er ein fordel, og vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø, fagnettverk og offentleg pensjonsordning.
Vi søker etter prosjektøkonom til eit årsvikariat. Møre og Romsdal fylkeskommune har mange vegprosjekt i porteføljen dei komande åra. Prosjektorganisasjonen har ei variert portefølje. Alt frå mindre vedlikehaldsoppdrag til bygging av større vegprosjekt. Blant anna planlegg vi byggestart på Årødalskrysset, Remøybrua, Åndalsnes bru og flere rassikringsprosjekt dei komande åra. I tillegg er det mange spanande prosjekt i planleggingsfasen.
Du vil inngå i eit team med blant anna prosjektleiarar og byggeleiarar, og du rapporterer til prosjektsjefen som vil styre på porteføljenivå.
Du kan sjølv velje mellom kontorstad i Ålesund, Molde eller Kristiansund.
Du må rekne med noko reising i heile fylket til dei ulike prosjekta og til dei ulike kontorstadane.
Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av fylkesvegane. Vegprosjektseksjonen har i dag 50 tilsette med kompetanse innanforprosjektleiing, byggeleiing, HMS, økonomi og prosjektering. Inkludert i desse er byggherreorganisasjonen knytt til Bypakke Ålesund, tunneloppgradering, veginvestering og ei rekkje bruer og ferjekaier.
Som prosjektøkonom hos oss vil du:
Vi søker deg som har: Bachelor eller master i økonomi (min. 3-årig utdanning frå universitet, høgskule eller liknande). Relevant erfaring kan kompensere for kompetansekravet. Erfaring med økonomiarbeid innanfor bygg og anlegg er ein fordel
Torbjørn Vatnehol,Prosjektsjef,97714119, torbjorn.vatnehol@mrfylke.no
Ole Jan Tønnesen,Fylkesvegsjef,92029592, ole.jan.tonnesen@mrfylke.no
Julsundvegen 9
6412Molde
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for videregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikk i fylket. Den er også den største vegeigaren i Møre og Romsdal med ansvar for 3300 kilometer fylkesveg. Vi har nær 180 medarbeidarar med kontorlokasjonar i Ålesund, Molde og Kristiansund. Samferdselsområdet er organisert med 2 fagavdelingar; FRAM kollektivavdeling og Fylkesvegavdeling.
FRAM er ansvarleg for buss, hurtigbåt og fylkesvegferjer, og skal sørge for at kollektivtilbodet i Møre og Romsdal vert drifta og utvikla på ein effektiv, god og miljøvenleg måte
Fylkesvegavdelinga har ansvar for trafikktryggleik, utvikling, utbygging, forvaltning og drift av fylkesvegar i Møre og Romsdal.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling. Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.