A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Tersan Havyard i Sognefjorden søker ein rør- og maskiningeniør som vil styrke vårt tekniske team. Arbeidet omfattar planlegging, oppfølging og gjennomføring av rør- og maskinsystem i våre prosjekt, både nybygg og ombyggingar.
Du vil utarbeide og kontrollere teikningar, bidra til løysingsforslag ved endringar og delta i kontinuerleg forbetringsarbeid. Vi ønskjer ein lagspelar som er proaktiv og sjølvgåande i eit sterkt tverrfagleg miljø.
Tersan Havyard driv med nybygg, ombygging, service og vedlikehald av maritime fartøy frå vår sentrale plassering ytst i Sognefjorden. Vi har moderne fasilitetar, eit sterkt fagmiljø og over 100 års erfaring med skipsbygging.
Med ei stadig aukande ordrebok og fleire spennande prosjekt på gang, søker vi no ein rør- og maskiningeniør som vil vere med og styrke vårt tekniske team.
Som ingeniør hjå oss vil du få ei sentral rolle i planlegging, oppfølging og gjennomføring av rør- og maskinsystem i våre prosjekt. Arbeidet omfattar både nybygg og ombyggingar.
Stillinga rapporterer til: Engineering Manager
For meir informasjon ta kontakt med Engineering Manager Asbjørn Lylund; 957 24 779 / asbjorn.lylund@tersanhavyard.no