A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Vestland fylkeskommune leitar etter ein prosjekteringsleiar som kan leie og koordinere prosjektering på tvers av fag og aktørar i sektor Veg. Du vil vere ein nøkkelperson i prosjektorganisasjonen og samarbeide nært med prosjektleiar, fagressursar, rådgivarar og byggeleiar for å sikre heilskaplege og gjennomførbare løysingar.
Stillinga krev relevant høgare utdanning og erfaring med prosjekteringsleiing i infrastrukturprosjekt.
Med over 6000 tilsette er Vestland fylkeskommune ein av dei største arbeidsstadane i fylket. Vi har ansvaret for 5547 km med fylkesveg, 278 tunneler, 1988 bruer og 30 ferjesamband. Vestland fylkeskommune skal sikre ein framtidsretta infrastruktur, men mål om å betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet. Vi er ein av landets største byggherrar innan samferdsle og har mange spanande prosjekt i åra som kjem.
Som prosjekteringsleiar hos oss får du ei sentral rolle i gjennomføringa av komplekse anleggsprosjekt, der du har ansvar for å leie og koordinere prosjekteringa på tvers av fag og aktørar. Du blir ein nøkkelperson i prosjektorganisasjonen og jobbar tett saman med prosjektleiar, interne fagressursar, rådgivarar og byggeleiar for å sikre heilskaplege, funksjonelle og gjennomførbare løysingar.
Stillinga tilhøyrar seksjon Prosjektering innan avdeling Vegfag, under Infrastruktur og Veg. Seksjonen har ei sentral rolle i utvikling og gjennomføring av veg- og infrastrukturprosjekt, i tett samspel med andre fagseksjonar og avdelingar på Infrastruktur og Veg.
Hjå oss får du mogelegheit til å vere med på spennande prosjekt i heile Vestland. Du vil ha ansvar for å leie og koordinere prosjekteringa i komplekse prosjekt, gjennom alle fasar frå utarbeiding av konkurransegrunnlag til ferdig bygget.
Som prosjekteringsleiar har du ansvar for utarbeiding av konkurransegrunnlag i form av beskriving og modell/teikningar til byggeplan ved bruk av interne og/eller eksterne ressursar.
Vi ser etter ein trygg og engasjert prosjekteringsleiar som evnar å sjå heilskapen i komplekse prosjekt, samstundes som du har auge for detaljane som sikrar kvalitet og gjennomføring. Du trivst i skjeringspunktet mellom fag, menneske og framdrift – og tek ei aktiv rolle i å få gode løysingar frå idé til realisering.
Du er ein naturleg koordinator og pådrivar, som skapar tillit og samarbeid mellom interne/eksterne fagmiljø, samt prosjektleiar og byggeleiar. Med struktur, tydleg kommunikasjon og god fagleg forståing sikrar du at prosjekteringa held rett kurs når det gjeld kvalitet, tid og kostnad.