Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Bjarne Espe Trevarefabrikk AS i Hjelmelandsdalen søker ein produksjonsarbeidar som skal vere med i laget som produserer våre skreddarsydde kjøkken og garderober.
Du bør ha erfaring frå trevare- eller møbelproduksjon, vere nøyaktig og levere god kvalitet. Gjerne erfaring med CNC. Vi tilbyr fast jobb i en solid lokal familiebedrift og hyggelege kollegaer.
Er du handverkskyndig, nøyaktig og klar for å gje kundane våre draumekjøkkenet sitt?
Vi ser etter deg som er stolt av jobben du gjer og som ønskjer å vere ein del av eit lag der alle bidreg til sluttresultatet.
Gjerne har erfaring frå trevareproduksjon, møbelproduksjon eller CNC
Som produksjonsarbeidar blir du ein del av laget som produserer våre skreddarsydde kjøkken før dei blir leverte til kunden.
Fast jobb i ei solid og lokal familiebedrift
Varierte arbeidsdagar og gode kollegaer
Bjarne Espe Trevarefabrikk AS (kjend for Nordfjordkjøkkenet) i Hjelmelandsdalen er ei tradisjonsrik bedrift med snart 80 års erfaring innan kvalitetshandverk.
Etablert: Starta i eit lite verkstad i Hjelmelandsdalen i 1948.
Produkt: Skreddarsydde kjøkken, bad, garderober og vaskerom -- frå klassisk og herskapeleg til supermoderne.
Kjenneteikn: Høg kvalitet, ferdig samansette modular og skreddarsydde løysingar tilpassa kunden sine draumar.