Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Bufetat region vest søker ein PMTO-regionkonsulent for å leie implementering av PMTO og TIBIR i kommunalt hjelpeapparat. Stillinga tilhøyrer PMTO/TIBIR-teamet og er knytt til NUBU sitt utviklingsoppdrag.
Arbeidsstaden vil i hovudsak vere ved regionskontoret i Bergen, med moglegheit for annan arbeidsstad ved behov. Reiseverksemd inngår som del av stillinga, og du blir ein del av eit fagmiljø som fokuserer på fagutvikling og kompetansebygging.
Om stillinga og arbeidsstadenVed Bufetat region vest har vi ledig ei fast 100% stilling som PMTO-regionkonsulent. Stillinga er knytt til implementeringsteam hos Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU). NUBU har ansvar for utvikling og prioritering, medan stillinga er organisatorisk lagt til Bufetat som har arbeidsgivaransvar. NUBU er oppdragsgivar, styrer prioritering og delvis tildeling av arbeidsoppgåver. Stillinga inngår i PMTO/TIBIR-teamet som er ei eiga avdeling i senter for foreldre og barn. Arbeidsstaden vil fortrinnsvis vere ved regionskontoret i Bergen. Ettersom PMTO/TIBIR-teamet har ansvar for alle kommunane i region vest, kan annan fast arbeidsstad vurderast dersom dette er meir tenleg. Til stillinga ligg det reiseverksemd for å ivareta oppgåver knytt til stillinga. Hos oss blir du ein del av eit kompetent fagmiljø med stort engasjement for fagleg utvikling og kompetansebygging.
Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1434 rådgjevar, p.t. kr 620000 - 710000 pr. år eller 1364 seniorrådgjevar, p.t. kr 650000 - 760000 pr. år. Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring. Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.
Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss. Stillinga er for tida lagd til Senter for foreldre og barn, region vest. Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest §7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje. Prøvetid i samsvar med statsansatteloven.