Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Ecura Førde leitar etter ei trygg og omsorgsfull personleg assistent som kan bidra til ein god og forutsigbar kvardag for ei 56 år gamal dame med utviklingshemming. Du vil jobbe i eit støttande team og møte vedkommande med respekt og omtanke.
Arbeidsoppgåver inkluderer personleg stell, matlaging, husarbeid og bistå med fysisk aktivitet. Vi tilbyr god opplæring, rettleiing og lønn etter avtale.
Vil du ha ein jobb der omsorg, tillit og menneskelege møte står i sentrum? Kanskje er dette stillinga du har vore på jakt etter?
Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er ein alternativ måte å organisere tenester innen praktisk og personleg bistand for menneske med nedsett funksjonsevne. BPA er eit likestillings- og frigjeringsverktøy som, gjennom hjelp frå eigne assistentar, legg til rette for at personar med behov for bistand kan leve eit aktivt og så sjølvstendig liv som mogleg.
Eg er ei 56år gammal dame som bur i Førde, og søkjer no etter ein trygg og omsorgsfull personleg assistent som kan bidra til at eg får ein god og føreseieleg kvardag.
Eg har ei utviklingshemmning og eit omfattende behov for assistense i dagleglivet. Som person er eg roleg, heimkjær og trivst best med faste rutinar i trygge omgjevnader. Difor er det viktig for meg å ha assistentar som er stabile, ansvarsfulle og som møter meg med respekt, tolemod og omsorg.
Vi har no fleire ledige stillingar på dag, kveldstid og natt i ulike stillingsstørrelser, med oppstart så snart som mogleg.
Dette er ei meiningsfull stilling der du får moglegheita til å gjere ein viktig forskjell i kvardagen til eit anna menneske.
Personleg stell/dusj
Matlaging
Husarbeid
Handling
Bistå med fysisk aktivitet og trening
God omsorgsevne
Komfortabel med å ta ansvar
Trygg og påliteleg
Roleg av natur
Personlege eigenskapar vert tillagde stor vekt, og livserfaring er ein fordel. Dersom du er «godt vaksen», ser vi på dette som noko positivt.
Gode norskkunnskapar (nivå B2)
Gyldig politiattest
Erfaring som BPA er positivt, men vilje og ønskje om å lære er vel så viktig
Førarkort klasse B
Ein meiningsfull jobb der du gjer ein forskjell
God opplæring og rettleiing
Oppfølging og støtte frå erfarne rådgjevarar i Ecura BPA
Pensjons- og forsikringsordningar
Lønn etter avtale.
Ved å søkje på stillinga, samtykkjer du til at søknad og CV vert vidareformidla til arbeidsleiar i ordninga.
Aktuelle kandidatar vert intervjua fortløpande.