Personell- og øvingsmedarbeidar

Espen Tapper Saastad

Porsgrunn

On-site

NOK 620,000 - 670,000

Full time

14 days+

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

SPK pensjonsordning
Fleksibel arbeidstid
Bedriftshelsetjeneste
Trening i arbeidstida
Mobilt kontor

Job summary

Espen Tapper Saastad i Telemark sivilforsvarsdistrikt søkjer ein engasjert tenesteplikt- og beredskapsmedarbeidar. Du får ansvar for rekruttering og oppfølging av dei tenestepliktige gjennom sakshandsaming og bruk av interne datasystem.

Du skal utvikle, trene og førebu personell på framtidas utfordringar og kjerneoppdraget vårt: vern av sivilbefolkninga. Frå meg står det at det er eit variert arbeid med utdanning, øvingar og beredskap, tett samarbeid med kommunar og andre aktørar, og moglegheita

Qualifications

  • Bachelorgrad, eller høgskule/universitet, eller fagbrev med relevant erfaring kan kompensere.
  • Erfaring med forvaltning og sakshandsaming.
  • Erfaring med opplæring og rettleiing.
  • Førarkort klasse B.
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Responsibilities

  • vara kontaktpunkt for tenestepliktige i regionen.
  • rekruttere, følgje opp og vidareutvikle tenestepliktige i Sivilforsvaret.
  • Planleggje, gjennomføre og evaluere øvingar for distriktet og regionen sine tenestepliktige og befal.
  • bygge og vidareutvikle samarbeid med andre aktørar innan totalforsvaret og samfunnstryggleik.
  • inngå i stab ved øvingar og hendingar.
  • delta ved behov i Sivilforsvaret sine nasjonale oppgåver.

Skills

forvaltning og sakshandsaming
opplæring og rettleiing
førarkort B
muntleg og skriftleg formidling

Education

Bachelorgrad eller fagleg tilsvarande

Job description

Telemark sivilforsvarsdistrikt søkjer ein engasjert og utviklingsorientert tenesteplikts- og beredskapsmedarbeidar. Du vil ha ansvar for rekruttering og oppfølging av dei tenestepliktige gjennom sakshandsaming, bruk av interne datasystem og ulike kommunikasjonsformer.

Du vil òg ha ei viktig rolle i å utvikle, trene og førebu Sivilforsvaret sitt personell på framtidas utfordringar og kjerneoppdraget vårt: vern av sivilbefolkninga.

Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med ansvar for utdanning, øvingar og beredskap, tett samarbeid med kommunar og andre beredskapsaktørar, og moglegheit til å bidra til eit sterkt regionalt samarbeid på tvers av distriktsgrenser. Du blir ein del av eit fagmiljø som arbeider saman for å sikre at Sivilforsvaret er best mogleg rusta når samfunnet treng oss.

Du skal
  • vere kontaktpunkt for dei tenestepliktige i regionen
  • rekruttere, følgje opp og bidra til vidareutvikling av tenestepliktige i Sivilforsvaret
  • planleggje, gjennomføre og evaluere øvingar for distriktet og regionen sine tenestepliktige og befal
  • byggje og vidareutvikle samarbeidet med andre aktørar innan totalforsvaret og samfunnstryggleik
  • inngå i stab ved øvingar og hendingar
  • delta ved behov i Sivilforsvaret sine nasjonale oppgåver

Kvalifikasjonar
  • bachelorgrad. Årsstudium frå høgskule, universitet eller fagskule, eller fagbrev kombinert med relevant erfaring, kan kompensere for manglande bachelorgrad. Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
  • erfaring med forvaltning og sakshandsaming
  • erfaring med opplæring og rettleiing
  • førarkort klasse B
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
  • desse personlege eigenskapane:
    • du er ein lagspelar som samarbeider godt og bidreg positivt til felles mål
    • du er strukturert, planmessig og kan arbeide sjølvstendig
    • du har god gjennomføringsevne og evnar å omsetje planer til resultat
    • du har gode pedagogiske ferdigheiter og kan tilpasse opplæringa til ulike målgrupper

Det er ønskjeleg at du har:
  • kjennskap til forvaltningslova, offentleglova og grunnleggjande forståing for offentleg forvaltning
  • erfaring med planlegging og gjennomføring av øvingar, inkludert øvingar med eksterne aktørar
  • god kjennskap til totalforsvaret og aktørane
  • instruktør- eller rettleiarkompetanse
  • utdanning innan samfunnstryggleik og beredskap.

Vilkår
Fast stilling som sivilforsvarsadjutant (stillingskode 0331) med årsløn frå kr 620 000 til 670 000.
Tryggleiksklarering: Den som får tilbod om stillinga må kunne tryggleiksklarerast til nivå HEMMELEG før tiltreding.
Om Sivilforsvaret, distriktet og stillinga
Sivilforsvaret er ein uniformert etat underlagd Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), leia av sjef Sivilforsvaret. I fredstid består Sivilforsvaret av 8000 tenestepliktige mannskap fordelte på 20 distrikt, kvart leia av ein distriktssjef. Det sentrale nivået er organisert gjennom Sivilforsvarsavdelinga, som består av to seksjonar og eit økonomi- og styringssekretariat leia av assisterande sjef Sivilforsvaret. Sivilforsvaret har som hovudoppdrag å beskytte befolkninga i krise og krig. I fredstid skal Sivilforsvaret bidra til god beredskap i heile landet og vere ein forsterkingsressurs for nødetatar og andre myndigheiter. Sivilforsvaret har lokale, regionale og nasjonale innsatsstyrkar med tenestepliktige mannskap og befal. Totalt er det ca. 230 tilsette i Sivilforsvaret. Den viktigaste ressursen er dei tenestepliktige som blir kalla ut til innsats i ulike oppdrag over heile landet. Sivilforsvaret bidrar også internasjonalt.
Telemark sivilforsvarsdistrikt har 7 tilsette og held til i Porsgrunn. Vi har eit utstrakt samarbeid både med nødetatane (politi, brann og helse), statsforvaltaren, kommunane, frivillige organisasjonar, Forsvaret og andre aktuelle aktørar. Distriktet har 462 tenestepliktige fordelte på 13 operative avdelingar med mannskap og befal. Dei tenestepliktige skal gjennom årlege øvingar og kurs sørge for at Sivilforsvaret er i stand til å løyse oppgåvene sine.
Stillinga inngår i ein felles regional stab og inneber tett samarbeid med andre stabsfunksjonar. Telemark sivilforsvarsdistrikt samarbeider tett med Vestfold sivilforsvarsdistrikt om kompetanseutvikling, øvingsverksemd og oppgåveløysing. Dette gir stillinga eit regionalt fokus, der samarbeid på tvers av distrikta er ein viktig del av arbeidskvardagen. Du vil vere del av eit team som løyser oppgåver for begge distrikta. Difor må du trivast med å byggje relasjonar, dele kompetanse og bidra til felles løysingar til beste for regionen som heilskap. Vidare blir det venta at du bidreg ved interne og eksterne arrangement, held foredrag og opplæring, og representerer Sivilforsvaret i relevante samarbeidsforum, beredskapsråd og møteplassar med kommunar, naudetatar, Statsforvaltaren og andre beredskapsaktørar.
Stillinga byr på ein variert arbeidskvardag med både administrative og operative oppgåver. Den som blir tilsett må vere fleksibel når det gjeld oppgåver og arbeidsområde, og trivast med å arbeide både på kontoret og ute i felt. For å kunne bidra til oppdragsløysinga i Sivilforsvaret er det viktig at du er fysisk og psykisk skikka til å jobbe i ein beredskapsorganisasjon.
For meir informasjon om Sivilforsvaret, sjå www.sivilforsvaret.no
Om DSB
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 800 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.
Om å jobbe i DSB
Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er ein stabil arbeidsgjevar med gode velferdsordningar. For å arbeida i DSB må du vera tryggleiksmessig skikka og medverke til ein god kultur for tryggleik. Les meir om tryggleik i DSB på www.dsb.no/sikkerhet-i-dsb
Hos oss får du
  • medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK). Som medlem får du verdifulle fordelar gjennom særs gode pensjons-, forsikrings- og boliglånordningar. Les meir om medlemsfordelane på www.spk.no/Medlemskap-i-SPK/
  • fleksibel arbeidstid
  • bedriftshelseteneste
  • høve til å trene i arbeidstida
  • tilrettelagt for mobilt kontor når det er føremålstenleg

I Arbeidsgivarportalen kan du lese meir om goda ved å jobbe i staten: https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise
Offentleg søkjarliste
Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste ved søknadsfristens utløp, jf. Offentleglova §25. Du har høve til å be om unntak fra offentleg innsyn. Dersom du ikkje får innvilga dette, vil du bli varsla om det før søkjarlistene blir utarbeidde. Sjølv om du har fått innvilga unntak fra offentlegheit, vil du framkomme på ei utvida søkjarliste. Denne er berre tilgjengeleg på førespurnad frå andre søkjarar til stillinga.
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. Dette sikrar at vi har opplysningane vi treng. I tillegg er det naudsynt at du lastar opp både søknadsbrevet og CV-en som vedlegg i PDF-format. For alle stillingar som ikkje krev tryggleiksklarering, vil DSB gjennomføre bakgrunnssjekk. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR. Les meir om rekrutteringsprosessen i DSB på www.dsb.no/rekrutteringsprosessen
Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål! Kontaktperson er
Espen Tapper Saastad, distriktssjef:
E-post: espen.tapper.sa
Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Personell- og øvingsmedarbeidar
Personell- og øvingsmedarbeidar

DeepOcean • Porsgrunn

On-site
NOK 620,000 - 670,000
Personell- og øvingsmedarbeidar
Personell- og øvingsmedarbeidar

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap • Porsgrunn

On-site
NOK 620,000 - 670,000
SPK medlemskap
Fleksibel arbeidstid
Bedriftshelsetjeneste
+2
Øvings- og beredskapsmedarbeidar
Øvings- og beredskapsmedarbeidar

Espen Tapper Saastad • Larvik

On-site
NOK 610,000 - 650,000
fleksibel arbeidstid
bedriftshelseteneste
trening i arbeidstida
+1
Øvings- og beredskapsmedarbeidar
Øvings- og beredskapsmedarbeidar

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap • Stavern

On-site
NOK 610,000 - 650,000
Fleksibel arbeidstid
Bedriftshelsetjeneste
Trening i arbeidstida
+2
Kompetanserådgiver
Kompetanserådgiver

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) • Lena

On-site
NOK 690,000 - 740,000
Medlemskap i SPK
Fleksibel arbeidstid
Bedriftshelsetjeneste
+2
Rådgiver Sivilforsvarets kompetansesenter
Rådgiver Sivilforsvarets kompetansesenter

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap • Lena

On-site
NOK 690,000 - 740,000
Medlemskap i SPK
Fleksibel arbeidstid
Bedriftshelsetjeneste
+2
Rådgiver Sivilforsvarets kompetansesenter
Rådgiver Sivilforsvarets kompetansesenter

Ivar Michael Bergum Jahr • Østre Toten

On-site
NOK 690,000 - 740,000
SPK medlemskap
Fleksibel arbeidstid
Bedriftshelsetjeneste
+2
Vil du bidra til å styrke Norges beredskap med din økonomi- og virksomhetsforståelse?
Vil du bidra til å styrke Norges beredskap med din økonomi- og virksomhetsforståelse?

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap • Oslo fylke

On-site
NOK 800,000 - 900,000
Medlemskap i SPK
Fleksibel arbeidstid
Bedriftshelsetjeneste
+2
Vil du bidra til å styrke Norges beredskap med din økonomi- og virksomhetsforståelse?
Vil du bidra til å styrke Norges beredskap med din økonomi- og virksomhetsforståelse?

Marianne Hotvedt • Oslo fylke

On-site
NOK 800,000 - 900,000
Fleksibel arbeidstid
Bedriftshelsetjeneste
Mulighet for trening i arbeidstiden
+2
Øvings- og beredskapsmedarbeidar
Øvings- og beredskapsmedarbeidar

DeepOcean • Stavern

On-site
NOK 610,000 - 650,000
SPK pensjon
Fleksibel arbeidstid
Bedriftshelsetjeneste
+2
Top locations