Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Ål kommune søkjer ei engasjert barnehagelærar i 100% vikariat som pedagogisk leiar ved Sando barnehage. Perioden er 01.12.2026 til 30.11.2027, med moglegheit for forlenging og fast stilling.
Sando barnehage er ei to-avdelings barnehage ca fem kilometer frå Ål sentrum. Barnehagen legg vekt på tryggleik, fellesskap, omsorg og det å bry seg om kvarandre. Du blir ein del av eit fagleg fellesskap med fokus på mangfald og inkludering.
Vi søkjer ein engasjert barnehagelærar i 100% vikariat som pedagogisk leiar p.t. i Sando barnehage, i perioden 01.12.2026 – 30.11.2027, med moglegheit for forlenging og fast stilling.
Sando barnehage er ein to-avdelings barnehage som ligg ca fem kilometer frå Ål sentrum. Barnehagen legg vekt påå skape gode kvardagar for barna der tryggheit, fellesskap, omsorg og det å bry seg om kvarandre står sentralt. Vi vil vera tydelege og nærverande vaksne for barna, og gje dei trygge rammer – KVAR DAG.
Som pedagogisk leiar hos oss er du ein aktiv del av det pedagogiske arbeidet i kvardagen;
Hos oss er leiken sentral. Vi trur på den leikande vaksne og verdset fantasien, nysgjerrigheita og undringa til barna.
Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Vi legg stor vekt på kven du er som person. Vi ønskjer deg som:
Hos oss får du ikkje berre ein jobb; du blir ein del av eit fagleg fellesskap;