A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Bergetippen barnehage i Aukra søker pedagogisk leiar for eit vikariat på eitt år frå 01.02.27. Styrar Tobias B. Krogsæter er kontaktperson og barnehagen ligg i Julsundet. Krav til utdanning er treårig pedagogisk utdanning med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.
Stillinga inkluderer ansvar for planlegging, gjennomføring og vurdering av det daglege innhaldet, med vekt på tryggleik, relasjonar og læringsmiljø. Det er god pensjons- og forsikringsordningar og høve til utdanningsfond.
Bergetippen barnehage har ledig vikariat som pedagogisk leiar i eitt år frå 01.02.27. Det kan vere moglegheit for utviding av vikariatet.
Bergetippen barnehage ligg i Julsundet på fastlandet i Aukra. Det tek omlag 20 minutt frå Molde sentrum til barnehagen. Barnehagen har frå hausten av sju avdelingar.
Vi legg vekt på å ha eit godt og solid fagmiljø med kompetente medarbeidarar.
Våre medarbeidarar har god kjennskap til Trygghetssirkelen og tilknytingsteori. Vi vil ha autoritative vaksne som bygger gode, varme relasjonar med barn samtidig som ein sett grenser og stiller krav. Vi vektlegg Ingrid Lund sin trapp med fokus på haldningar, kunnskap og handlingar i arbeidet for eit trygt, godt og inkluderande fellesskap for barn og tilsette.
I barnehagen let vi oss også inspirere av Reggio Emilia- filosofien sitt syn på barn og læring. Den pedagogiske tanken er å la barna sine idear, interesser, tankar og nysgjerrigheit vise veg for læring.
Pedagogisk leiar er ansvarleg for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av det daglege pedagogiske innhaldet i høve enkeltbarn og barnegruppe.
Pedagogisk leiar har fagleg ansvar for arbeidet med å skape eit trygt og godt barnehagemiljø, omsorg for det enkelte barnet, for utviklinga av det sosiale miljøet og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa.
I samarbeid med styrar og det pedagogiske leiarteamet vil pedagogisk leiar ha oppgåver som bidreg i arbeidet med å utvikle barnehagen som pedagogisk verksemd og barnehagen sitt samarbeid med andre tenester.
Skape eit inkluderande, kreativt og lærerikt leikemiljø for barn.
Rettleiingsoppgåve for personalet på avdelinga for fagleg utvikling.
Likeverdig med barnehagelærarutdanning er anna treårig pedagogisk utdanning på høgskolenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jf. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Søknadsfrist : 16.11.26
Ved spørsmål ta kontakt med styrar Tobias B. Krogsæter, tlf.+4793218276. tobias.barlaup@aukra.kommune.no