Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Fjord1 AS i Askvoll-området søkjer ei engasjement i 50% stilling som dekkssjef/overstyrmann innan MF Nordfjord-prosjektet. Arbeidet varer fram til 1.11.2027, og søkjar må bu i rimeleg avstand frå Askvoll.
Hovudansvaret er dekksleiing, navigasjonsutstyr og operativ leiing om bord, med kapteinens stedfortredar-rolle og fokus på trygg og effektiv drift i tråd med regelverk og beste praksis. Oppdraget gir verdifull erfaring i samarbeid, vurderingar og trygg handtering.
Dekkssjef/overstyrmann (50% engasjement) til Askvoll-Fure-Værlandet, p.t. MF Nordfjord
Dette er eit engasjement i 50% stilling som varer fram til 1.11.2027. Ein må bu i rimeleg avstand fra Askvoll.
Som dekkssjef vil du ha ei sentral rolle om bord, med ansvar for dekksavdelinga, navigasjonsutstyr og operativ leiing. Du vil vere kapteinens stedfortredar og bidra til at drifta går trygt, effektivt og i tråd med gjeldande regelverk og beste praksis. Arbeid om bord gir brei erfaring med manøvrering til og frå kai. Du vil utvikle verdifull kompetanse i samarbeid, vurderingar og trygg handtering - erfaringer som er nyttig i vidare arbeid til sjøs.
Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande.
Oppstart etter avtale.
Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land.Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg!
Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.
Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påvirke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.
Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.