A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Osland Genetics søker driftsoperatør til vårt anlegg på Osland Brygge i Bjordal. Du vil være med hele livssyklusen fra rogn til rogn og jobbe i rogneriet og i produksjonen av stamfisk og rogn av regnbueørret basert på våre stammer.
Du blir del av eit tett samfunns- og fagmiljø der praktisk arbeid ute og inne står i fokus, og du bidrar i teknisk drift av anlegga våre samt i å utvikle framtidas oppdrettsløysingar.
Som driftsoperatør hos Osland Genetics vil du vere med på å produsere stamfisk og rogn av regnbueørret basert på våre eigne stammer, Ilsvåg-stamma og Osland-stamma. Begge stammene utviklast gjennom eit familiebasert avlsprogram i samarbeid med NOFIMA. Ørreten vår veks raskt, er robust og ettertrakta som slaktefisk. Hos oss får du kjennskap med fisken i heile livssyklusen frå rogn til rogn. Vi held til på Osland Brygge i Bjordal og mesteparten av produksjonen til Osland er i og ved Sognefjorden.
Dagleg vedlikehald
Du blir ein del av eit team som jobbar tett saman for å utvikle framtidas ørret. Du vil ha ein variert arbeidskvardag, der du håndterer stamfisk både i sjø og på land gjennom heile året. I rogneriet vil du ta del i befruktning og produksjon av rogn fram til levering til kunde. Du vil også delta i teknisk drift av anlegga våre. Vi søker deg som er engasjert, løysingsorientert og trivst med fysisk og variert arbeid, både inne og ute.
Fagbrev/utdanning innan akvakultur/anna relevant fag er ynskjeleg
Beherske norsk som arbeidsspråk munnleg og skriftleg
Varierande arbeidsoppgåver
Konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar
Hjelp til å finne bustad i Bjordalsområdet