Transforma esta função numa entrevista — um currículo e uma carta de apresentação criados à volta do que este empregador procura.
Arnhild Mallasvik søkjer ein engasjert jobbrettleiar til eit 1-årig vikariat i Førde/ Florø, med hovudoppgåver i kartlegging, motivasjon og oppfølging av deltakarar til arbeid eller utdanning.
Du vil samarbeide tett med arbeidslivet og NAV, og bidra til meistring og utvikling. Krav: lærarutdanning og erfaring med rettleiing, pluss god mellommenneskeleg og digital kompetanse.
Vi søkjer ein engasjert og relasjonssterk jobbrettleiar i 1 års vikariat f.o.m 01.11.26, til vårt AFT-tiltak i Førde/ Florø. Vi ønskjer primært ein kandidat med lærarutdanning, som vil vere med å bidra til at menneske kjem nærare arbeid eller utdanning.
Kvalifikasjonar:
Godkjend lærarutdanning (primært ønskjeleg)
Erfaring med rettleiing, undervisning og oppfølging av menneske i ulike livssituasjonar
Kompetanse i rettleiingsmetodikk
God relasjonskompetanse og evne til å skape tillit
Kjennskap til arbeidsmarknaden, lokalt og regionalt
Erfaring med arbeidsinkludering eller oppfølging av personar med samansette utfordringar
Kompetanse innan karriere- og yrkesrettleiing
Evne til å tilpasse opplæring og arbeidssituasjonar til ulike behov
Gjerne erfaring med kartlegging og opplæring i grunnleggande ferdigheiter
God digital kompetanse
Personlege eigenskapar:
Strukturert og sjølvstendig
Trygg og stødig i møte med stressande situasjonar, med evne til å prioritere og finne gode løysingar
Gode dialog og samarbeidsevner, og evne til å jobbe tverrfagleg
Fleksibel og løysingsorientert
Engasjert i å sjå moglegheiter hos den enkelte
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Du liker å jobbe sjølvstendig og i team
Du har stor arbeidskapasitet og er fleksibel, positiv
god på å bygge relasjonar
Du må trivast med å jobbe mot resultat.
Som jobbrettleiar vil du spele ei sentral rolle i å kartleggje ressursar, motivere deltakarar og leggje til rette for meistring og utvikling i tett samarbeid med arbeidslivet.
Du er strukturert, initiativrik og løysningsfokusert, og du har gode evner til å bygge relasjonar til andre menneske. Du liker å jobbe både sjølvstendig og saman med andre for å nå mål.
Arbeidsoppgåver:
Individuell oppfølging og rettleiing av deltakarar
Kartlegging av kompetanse, interesser og behov
Planlegging og gjennomføring av aktivitetar som styrkjer arbeidsevne
Samarbeid med arbeidsgjevarar og etablering av praksisplassar
Formidling til arbeid eller utdanning
Tverrfagleg samarbeid med NAV og andre samarbeidspartnarar
Dokumentasjon og rapportering i tråd med gjeldande k
Ein meiningsfull jobb med faglege utfordringar der du utgjer ein forskjell
Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
Store moglegheiter til å påverke eigen arbeidskvardag
Gode kontorfasilitetar
God pensjonsordning og lønn etter avtale