Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Møre og Romsdal HF i Hjelset søkjer oralkirurg som vil arbeide hovudsakleg dagkirurgisk og poliklinisk. Stillinga er eit 100% vikariat frå 04.01.2027 til 17.10.2027 ved det nybyggde sjukehuset på Hjelset.
Du blir ein del av eit engasjert fagmiljø med nært samarbeid mellom kjevekirurgi og ØNH, med fleksible arbeidstidsordningar og god balanse mellom jobb og fritid.
Bli med på laget som oralkirurg ved ØNH og kjevekirurgi SNR!
Vil du arbeide i eit moderne sjukehus med høg fagleg kompetanse, godt tverrfagleg samarbeid og stor påverknad på eigen arbeidskvardag? Då kan dette vere stillinga for deg.
ØNH og kjevekirurgi ved SNR har ledig vikariat for oralkirurg i 50–100 % stilling fra 4. januar 2027 til 17. oktober 2027. Arbeidsstaden er det nye, toppmoderne sjukehuset på Hjelset.
Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø med tett samarbeid mellom kjevekirurgi og øyre-, nase- og halsfaget. Vi legg til rette for god pasientbehandling gjennom nært samarbeid, korte beslutningsvegar og høg fagleg kvalitet.
Stillinga er organisert med arbeid på dagtid utan vaktordning, noko som gir gode moglegheiter for balanse mellom jobb og fritid. Vi er opptekne av fleksibilitet og vil så langt det er mogleg leggje til rette for arbeidstid, pendling og bustadløysingar.
Benny Blomkvist,Seksjonsleiar (lege),Benny.Blomkvist@helse-mr.no
Opdølvegen 4
6450Hjelset
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5194513412
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 04.01.2027
Sluttdato: 17.10.2027
Søknadsfrist: 08.11.2026