Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Ølensjøen FUS barnehage as i Rogaland søkjer pedagogisk medarbeidar i 100% vikariat frå 04.01.27 til 16.07.27. Du vil sjå til barna og være ein del av eit trygt og inkluderande miljø.
Vi legg vekt på nysgjerrige og leiken aktivitet, samarbeid og god rettleiing, slik at barna utviklar seg gjennom leik og natullege aktivitetar. Du må beherske norsk og vere engasjert i kvardagen.
I Ølensjøen har me ledig 100% vikariat for pedagogisk medarbeidar frå 04.01.27 t.o.m. 16.07.27.
Vil du gjera ein forskjell i barn sitt liv? Me trur at nysgjerrige, trygge og leikne barn skapar framtida, og me treng deg som vil væra medbarna på denne reisa.
Her er din sjanse til å gi barn ein trygg, inkluderande og inspirerande kvardag i Ølensjøen. Du vil bli ein del av eit stort fellesskap kor me legg vekt på ålage gode dagar for barn og tilsette. I arbeidsmiljøet er delingskultur, involvering og arbeidsglede viktige element. Eit språkleg og kulturelt mangfald i barnegruppene gir barna eit unikt høve til å utvikle evne til å være respektfulle, vise omsorg og ha forståing for ulike perspektiv. Er du glad i å være uteog på tur? Det er me, og med FUS-bussen tilgjengeleg kan me komme oss på eventyr, både nært og fjernt. På kjøkkenet er me så heldige å ha vår eigen
kokk, som stadig inspirerer smak- og luktesansen vår med velsmakande retter.
Er du engasjert? Tek du initiativ? Samarbeider du godt med andre? Snakkar du med barn på ein open, ærleg og tydeleg måte?
Verdset du kunnskap? Er du trygg på eigen kompetanse og erfaring? Søkjer du faglege råd og rettleiing i utfordrande situasjonar?Verdset du andre sin kunnskap og lærer av andre?
Er du reflektert og oppteken av å finne løysingar på utfordringar?
Søkjar vil bli vurdert i forhold til personlege eigenskapar, i tillegg til kompetanse og erfaring.
Tilsetjing føreset godkjent politiattest i henhald til barnehagelova, denne må leverast før eventuell tiltreding i stillinga.