Eine vollständige Bewerbung in einer Minute
Maßgeschneiderter Lebenslauf und Anschreiben – versandbereit.
Nav Øygarden søkjer ein rettleiar i Avdeling Tenesteavklaring. Dette er ei variert stilling som involverer saksbehandling, kartlegging og oppfølging av brukarar i ulike livssituasjonar.
Du må ha erfaring frå offentleg forvaltning og god norsk framstillingsevne. Stillinga gir utviklingsmoglegheiter, eit inkluderande arbeidsmiljø og fleksibel arbeidstid med heimkontor og trening i arbeidstida.
Nav Øygarden held til i moderne og trivelege lokale sentralt på Straume. Vi er om lag 80 engasjerte medarbeidarar fordelt på fire avdelingar som kvar dag jobbar for å gi gode og heilskaplege tenester til innbyggjarane i kommunen. Hos oss får du dyktige kollegaer, eit inkluderande arbeidsmiljø og moglegheit til både fagleg og personleg utvikling.
No har vi ledig ei spennande stilling som rettleiar i Avdeling Tenesteavklaring.
Dette er ei variert stilling der du får arbeide med saksbehandling, kartlegging og oppfølging av menneske i ulike livssituasjonar. Du vil møte problemstillingar som krev både fagleg vurderingsevne, samarbeid og gode relasjonelle ferdigheiter. Gjennom arbeidet får du bidra til at fleire kan kome i arbeid og aktivitet, samstundes som du er med på å sikre viktige velferdsrettar.
Du må ha
Det er ein fordel om du har
Nav består av 22 000kompetenteogengasjertemedarbeidarar.Vi jobbartverrfaglegi sterke fagmiljø.Hos oss skalarbeidsmiljøet pregastavinvolvering,openheitogtillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer duåbli unntatt fråoffentleg søkjarliste, må dugrunngjedette.Delgjerne vitnemålet dittellerkarakterutskrift dine påvitnemålsportalen.no.