Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Sveio kommune søker etter ein økonomirådgjevar som kan omsetta tal til innsikt og støtte leiinga i økonomisk oppfølging. Du får ei sjølvstendig og sentral rolle i budsjett, analyse og rapportering med hovudvekt på oppvekstområdet og helse.
Du samarbeider tett med leiarar og kommunalsjef, og bidrar til heilskapleg økonomisk oversikt og gode avgjerdsgrunnlag for leiinga.
Sveio kommune søkjer ein økonomirådgjevar som ser samanhengar og omset tal til innsikt. Du får ei sjølvstendig og sentral rolle i budsjett-, analyse- og rapporteringsarbeidet, med hovudvekt på oppvekstområdet og oppgåver også innan helse. I tett samarbeid med kommunalsjefen for oppvekst og for helse skal du bidra til heilskapleg økonomisk oversikt og gode avgjerdsgrunnlag for leiinga.
Oppvekstområdet i Sveio omfattar to kommunale- og tre private barnehagar, fem skular, Barn og familie eining og eit kultursenter. Dette er tenester som betyr mykje for barn, unge og familiar i kommunen.
Gjennom faglege vurderingar og råd skal du støtta leiinga i økonomisk oppfølging og prioriteringar. Her får du kombinera sjølvstendig fagleg arbeid med tett samarbeid – og bruka økonomikompetansen din til å skapa gode rammer for viktige tenester til innbyggjarane.