Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Hafslo barne- og ungdomsskule søkjer tilkallingsvikarar til SFO i Hafslo sentrum. Tilsetjing fortløpande, og du blir ein del av eit inkluderande læringsmiljø der me står saman for trygg oppvekst.
Skulen ligg i sentrum nær Hafslovatnet, med god tilgang til nærområde og natur. Her får du grundig oppfølging, mentor, og moglegheit for utvikling i eit godt arbeidsmiljø og eit lærande team.
Tilsetjing fortløpande.
Skulen vår ligg sentralt i Hafslo sentrum, nede ved Hafslovatnet, er ein 1-10 skule med rundt 220 elevar. I SFO er det 70 born, 15 tilsette og ein SFO-koordinator. Skulen sin visjon er at me står saman for ein trygg oppvekst i eit aktivt og inkluderande læringsmiljø. Me jobbar etter PALS modellen der stikkorda ansvar, omsorg og respekt er viktige verdiar. HBUS er oppteken av fysisk aktivitet og har lang tradisjon med å nytte den flotte naturen skulen og SFO har lett tilgjenge til. Me meinar at samarbeid i team gjev dei beste resultata for å skape motivasjon, trivsel og læring. Difor ynskjer me nye tilsette som brenn for det same som oss, og vil vere med på å skape ein god arbeidsplass. Alle nytilsette og nyutdanna vert godt ivareteken og får oppfølging av mentor.
«Me står saman for ein trygg oppvekst i eit aktivt og inkluderande læringsmiljø»
Hafslo barne- og ungdomsskule ligg sentralt i Hafslo sentrum, nede ved Hafslovatnet. Skulen er ein 1-10 skule, og har jamt over elevtal på 210 og ca 40 tilsette i skule og SFO. I SFO er det ca 60 born. Skulen vår er ein lærande organisasjon, der me er praksiskule og Lærarutdanningsskule for Høgskulen på Vestlandet. Skulen sin visjon er "Me står saman for ein trygg oppvekst i eit aktivt og inkluderande læringsmiljø" Skulen jobbar etter PALS-modellen der stikkorda ansvar, omsorg og respekt er viktige verdiar. Hafslo barne- og ungdomsskule er oppteken av fysisk aktivitet og har lang tradisjon med å nytte den flotte naturen skulen har lett tilgjengeleg.