Obtenez une réponse de cet employeur
Votre CV et votre lettre de motivation, adaptés exactement à ce que l’employeur recherche.
Bergen katedralskole søker Miljøkoordinator i 100% vikariat for perioden 01.01.2027–30.06.2027. Hovudoppgåva er å styrke miljøet ved skulen og auke trivselen blant elevane og tilsette.
Du vil koordinere sosiale aktivitetar, arbeide tett med elevrådet og andre elevorganisasjonar, og samhandle med elevteneste og skuleleiing for eit trygt og inkluderande læringsmiljø.
Er du ein Miljøkoordinator med hjarte for at kvar enkelt kan få vere den dei er, ha eit godt skulemiljø, og utvikle seg som menneske både fagleg og sosialt?
Ynskjer du å jobbe på ein skule med lange tradisjonar, der det er eit godt fagleg miljø og stort samfunnsengasjement hos både hos elevar og tilsette?
Da kan Bergen katedralskole vere staden for deg!
Vi har i perioden 01.01. - 30.06.27 ledig eit 100% vikariat som Miljøkoordinator
Hovudoppgåva til miljøkoordinatoren er å jobbe for å auke trivselen og styrke miljøet ved skulen.
På Bergen katedralskole gør miljøkoordinatorene det ved å arrangere og tilretteleggje for ulike sosiale aktivitetar og arrangementar i og utenfor skuletida, med mål om å auke inkludering og trivsel, og å motverke mobbing, utenforskap, rasisme og rusmiddelbruk.
Du deltar i arbeidet med elevrådet, og er koordinator for alle dei ulike elevorganisasjonane og -gruppane vi har på skulen og er, i samarbeid med elevteneste og skuleleiing, sentral i vidareføring av skulen sitt arbeid med eit trygt og godt skule- og læringsmiljø
Caspar Wangensten Hatlevik,Rektor,95090710,caspar.wangensten.hatlevik@vlfk.no
Annike Gullestad,administrasjonsleiar,+47 95968501,anne.erika.gullestad@vlfk.no
Kong Oscars gate 36
5017Bergen
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5199434793
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2027
Sluttdato: 30.06.2027
Søknadsfrist: 01.11.2026