Me søker etter engasjerte og trygge medarbeidar til to faste nattevaktstillingar i vårt bufellesskap for vaksne med psykiske lidingar. Her bur det personar som har behov for stabilitet, omsorg og støtte i kvardagen. Som nattevakt vil du vere ein nøkkelperson i å sikre ro, tryggleik og nødvendig oppfølging på nattestid.
Me har ledig to faste stillingar på ca. 65% og 28% med arbeid 3. kvar helg.
- Tilrettelegging,bidra til tryggleik, ro og meistring for bebuarane
- Behandling, individuelle samtalar, rettleiing
- Dokumentasjon av observasjonar og tiltak, bidra til god informasjonsflyt mellom vaktene.
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
- Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor ( KORe’ Vindafjord )
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
- Dei som kvalifiserar for stillingskode som miljøterapeut vil bli lønna kr. 10.000,- over KS garantilønnsregulativ.
- Med vår helgeavtale kan du tene ekstra per time når du tek på deg fleire helgevakter - meir jobb i helga, meir pengar i lomma!
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon somsjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar.
- Kandidatar med vidareutdanning innan rus og psykiatri oppfordrast til å søka.
- Det er ønskeleg med relevant erfaring frå psykisk helsearbeid og liknande bufellesskap.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg.Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
Personlege eigenskapar:
- Reflektert, engasjert og løysingsorientert.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt relasjonelle ferdigheiter som gjer ein i stand til å snakke med bebuarane, deira pårørande, kollegaer og samarbeidspartnarar.
- Robust, trygg og open personlegheit.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Stilling: Avd. leiar Hauatunet bufellesskap