Una candidatura completa en un minuto
Currículum y carta de presentación personalizados, listos para enviar.
Helse Bergen HF søkjer ein medisinstudent med lisens til tilkallingsvikar ved Øyre-nase-halsavdelinga. Arbeidet startar med preoperativ forberedelse av barn som ventar operasjon, hovudsakleg gjennom telefonkonsultasjon med føresette og pasient, inkludert gjennomgang av sjukehistorie og indikasjonar for inngrepet.
Viktige oppgåver er å informere om stams og praktiske forhold før operasjon, og å vere tilgjengeleg ved behov. Søknadsfrist og konkret arbeidsstad er oppgjeve i annonsa.
Bemanningssenteret har ein stor gruppe med helsepersonell tilsett, våre tilsette jobbar ved ulike avdelingar på sjukehuset. Vi søker etter medisinstudent med lisens som tilkallingsvikar ved Klinikk for hovud-hals, Øyre-nase-halsavedlinga.Aktuelle kandidatar vil bli tilsett via Bemanningssenteret i Helse Bergen, men vil gå vakter ved Øyre-nase-halsavedlinga
Arbeidstid: torsdagar frå kl 16:00 til 20:00 ved behov.
Øyre-nase-hals poliklinikken betener ei svært variert pasientgruppe. Vårt fag inkluderer mange av dei vanlegaste helseplager som finst ute i samfunnet. Det kan vere alt frå biholeplagar, mandlar og polyppar til snorking, håse stemmer, kremting og hoste. Mange har erfart plagar med svimmelheit, øyresus, allergi og tørr munn, eller naseblødingar, skadar og klumpar i hovud-/halsområdet. Dette greier vi ut.
Hovudoppgåva vil vere preoperativ klargjering av barn som ventar på operasjon ved Øyre-nase-halsavdelinga. Arbeidet vil i hovudsak bestå av telefonkonsultasjonar med føresette/pasient, gjennomgang av sjukehistorie og aktuelle indikasjon for operasjon, samt informasjon om inngrepet og praktiske forhold før operasjon, mellom anna fastereglar og medikamentbruk.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Ingvild Øvstebø Engesæter,Seksjonsleiar hovud-hals,ingvild.ovstebo.engeseter@helse-bergen.no
Linda Greve Iversen,Seksjonsleiar Helsepersonell, Bemanningssenteret,linda-greve.iversen@helse-bergen.no
Haukelandsveien 22
5021Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5210099758
Stillingsprosent: 0%
Anna
Søknadsfrist: 30.11.2026