A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Balestrand helsetun i Sogndal kommune søker fleire helsefagarbeidarar til fast 100% stilling i turnus. Du blir ein del av eit lite, fagleg sterkt team som leverer heilskapleg pleie i eit bygg med heimeteneste og legevaktssatellite.
Arbeidet krev ansvar for journalføring, dokumentasjon og samhandling med samla behandlingsteam. Vi vektlegg godt arbeidsmiljø, opplæring og trygge tilsette i ein variert arbeidsdag.
No er det ledige stillingar hjå oss, og me håpar du vil bli vår nye kollega!
Som helsefagarbeidar på Balestrand helsetun og heimeteneste blir du del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse. Vi bryr oss om våre tilsette, og at dei skal ha det godt og trivast på jobb. Dei som vert tilsett vil difor sjølvsagt få tett oppfølging og god opplæring, og vil bli tatt godt imot.
Balestrand helsetun består av to små einingar med inntil 8 pasientar på kvar eining, og er i same bygg som heimetenesta og ein har eit tett samarbeid. I same bygget ligg også legevaktsatellitten, fysio/ergo-tenesta, omsorgsbustadar og bu og miljøtenesta.
Me har stor breidde i oppgåvene og i bebuarane og pasientane våre, og me jobbar med alt frå rehabilitering til palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande med varierte oppgåver. Balestrand helsetun har ledig følgjande stillingar som helsefagarbeidar:100% fast stilling i turnus på helsetunet ledig frå d.d. Vernepleiarar vil og bli vurdert for stillingane. For stillingane gjeld turnus med arbeid kvar 3. helg, med moglegheit for tilpassingar som til dømes langvakter med 4. kvar helg.
Personlege eigenskapar vil verte vektlagde.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hjå oss, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Ifølgje offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bede om unntak fra offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord.