Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Fjord1 - Maritim Drift søkjer matros til sambandet Leirvåg-Sløvåg, p.t. MF Storfjord.
Stillinga har døgnskift, der ein jobbar 1 døgn om bord og har 1 døgn fri i ei tre veker periode, med vidare tre veker fri. Krav om gyldig helseerklæring og norsk/skandinaviske språkkunnskapar.
Kun 1 time å kjøre fra Bergen til Leirvåg!
Matros Leirvåg-Sløvåg Fjord1 - Maritim Drift
Vi søker etter ein matros til vår elektriske ferje MF Storfjord, som trafikkerer sambandet Leirvåg - Sløvåg.
På dette sambandet jobbar ein døgnskift - du er om bord 1 døgn og har fri 1 døgn i ein periode på 3 veker. Deretter har du 3 veker samanhengande fri. I samband med skiftordninga bør ein bu innanfor rimeleg reiseveg til Leirvåg eller Sløvåg då rederiet ikkje har bofasilitetar det døgnet ein har fri.
Som matros blir du ein del av eit dyktig team som sørgjer for trygg og effektiv drift. Du handterer lasting og lossing på ein sikker måte, held utkikk og bidreg til vedlikehald som sikrar at alt fungerer som det skal. Hos oss får du ein variert kvardag saman med gode kollegaer.
Vi vurderer kandidatar fortløpande.
29.10.2026
Fjord1 - Maritim Drift
Fonnes, Dalsøyra
Matros i sambandet Leirvåg-Sløvåg, p.t. MF Storfjord
1
Heiltid
Fast
100
Adresse: Leirvåg ferjekai, Fv57, 5953 Fonnes, Norge
Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.
Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med samarbeid, men som òg kan ta ansvar og jobbe sjølvstendig når situasjonen krev det. Du set alltid sikkerheit og service først, har evna til å tenkje raskt og finne gode løysingar, og viser vilje til å lære og stå på når det trengst.
Sløvåg ferjekai
Fv57 520
5960 Dalsøyra
Norge
Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land. Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg!
Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.
Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.
Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.