Uma candidatura feita para esta oferta de emprego — um currículo e uma carta de apresentação personalizados que vão ao encontro do anúncio.
Fjord1 ASA i Bergen-området søkjer ein matros til sambandet Halhjem–Våge om bord i vår moderne elektriske ferje MF Kommandøren.
Du blir ein del av eit dyktig team som sikrar trygg og effektiv drift, handterer lasting og lossing og bidreg til vedlikehald.
Døgnskiftordning med 1 døgn om bord og 1 døgn fri i ei periode på tre veker, deretter tre veker fri, og kort reisetid til Halhjem gjer det lett å få balanse mellom arbeid og fritid.
Fjord1 søker ein matros i sambandet Halhjem - Våge, trafikert av vår moderne elektriske ferje MF Kommandøren.
På dette sambandet jobbar ein døgnskift - du er om bord eitt døgn og har eitt døgn fri i ein periode på 3 veker, deretter har du 3 veker samanhengande fri.I samband med skiftordninga bør ein bu innanfor rimeleg reiseveg til Halhjem eller Våge, då rederiet ikkje har bufasilitetar det døgnet ein har fri.
Som matros blir du ein del av eit dyktig team som sørgjer for trygg ogeffektiv drift. Du handterer lasting og lossing på ein sikker måte, held utkikk og bidreg til vedlikehald som sikrar at alt fungerer som det skal.Hos oss får du ein variert kvardag saman med gode kollegaer.
Med kort reisetid – kun 30 minutt frå Bergen til Halhjem – er det enkelt å få ein god balanse mellom jobb og fritid.
Ønskeleg med oppstart så snart som mogleg.Vi vurderer kandidatar fortløpande.
Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med samarbeid, men som òg kan ta ansvar og jobbe sjølvstendig når situasjonen krev det. Du set alltid sikkerhet og service først, har evna til å tenkje raskt og finne gode løysingar, og viser vilje til å lære og stå på når det trengst.