An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Fjord1 søker maskinsjef til Hatvik–Venjaneset-sambandet om bord på MF Årdal. Ein sentral rolle blir å sikre effektiv drift, vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, samt å bidra til høg driftssikkerheit i sambandet.
MF Årdal blei bygd i 2008 og oppgradert til hybrid i 2020 med batteri som primær energikjelde. Søkaren må kunna leie arbeidet etter AMOS- og ISM-rammer, arbeide energieffektivt og etter ISO 50001.
Skiftordninga er 1 døgn på og 1 døgn av i tre veker, etterfulgt av tre veker fri. Dette gir ein fleksibel kvardag med berre 86 arbeidsdøgn i året. Ein børbu innenfor rimeleg reiseveg til Hatvik eller Venjaneset, då rederiet ikkje har bufasiliteter på fridøgn. Sambandet er ca 35 minutter unna Bergen.
Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet.
MF Årdal blei bygd i 2008, og i 2020 blei ho oppgradert og bygd om til hybrid, der batteri er den primære energikjelda for framdrift. Dette er eit viktig steg i vårt arbeid for å redusere utslepp og bidra til ei meir berekraftig framtid.
Maskinsjef i sambandet Hatvik-Venjaneset, p.t. MF Årdal
Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden.
Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
Vi søker ein ansvarsbevisst og teknisk dyktig maskinsjef med fokus på sikkerheit og effektiv drift. Du er løysningsorientert, strukturert og trivst med å leie og samarbeide i team. Eit sikkert arbeidsmiljø, er noko av det viktigste du veit. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåt og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.