A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Fjord1 søker maskinoffiser til å jobbe om bord på våre fartøy og sikre at teknisk utstyr fungerer i henhold til krav fra klasse og myndigheter. Du vil bidra til vedlikehold av maskineri og støtte skipsføreren i sikkerhetsstyringssystemet.
Arbeidet innebærer å oppdatere dokumentasjon, planlegge vedlikehold og sikre tilgang til reservedeler. Fjord1 tilbyr konkurransedyktige betingelser og mulighet til faglig utvikling i maritim næring.
Fjord1 er ein verdensleiande pionér innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i markanden!
Er du maskinoffiser og ynskjer jobb på ferge? G jeld både deg som ønskjer å vikariere og deg som er på leit etter fast arbeid/lengre vikariat. Dersom du er ein aktuell kandidat og vi ikkje har ei ledig stilling akkurat no, vil vi lagre søknaden din og ta kontakt dersom det dukker opp ei passande stilling.
For å gjere det enklare å finne rett oppdrag til deg ber vi deg om å legge inn informasjon om:
Alle søknadar blir behandla fortløpande.
For å jobbe som maskinoffiser må du ha relevant kompetanse og nødvendige sertifikat for stillinga, dette innebærer:
For å trivast i denne rolla er det viktig at du har evne til å arbeide tett med andre menneske over tid, har eit godt humør og gode kommunikasjonsevner. Vi ser etter deg som er serviceinnstilt og som bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Som tilsett i Fjord1 får du spennande moglegheiter i ein leiande aktør innan maritim næring. Du vil få sjansen til å jobbe på moderne, miljøvennlege fartøy og opparbeide deg verdifull erfaring i ein framtidsretta bransje i stor utvikling. Arbeidet gir deg konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår, der lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund. Du blir ein del av eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og fleksible arbeidstidsordningar. I tillegg får du moglegheit til å utvikle deg fagleg og bygge nettverk i maritim næring. Kursavgift for krise-/passasjerhandteringskurs blir dekt av Fjord1.
Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store deler av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.
Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og videre elektrifisering av fartøy.
Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.
Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde.
Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar.
Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.