Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Helse Bergen søker leger i spesialisering (LIS) i karkirurgi ved Haukeland universitetssjukehus. Vikariat kan inngå i spesialistutdanninga og give rettleiing frå erfarne karkirurgar.
Tilsette får eit strukturert utdanningsløp med open og endovaskulær karkirurgi, og deltaking i forsking og fagutvikling, med vaktordning og moglegheit til å vidareutvikle kompetansen.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, Kirurgisk klinikk, Avdeling for karkirurgi, har ledig fast stilling som lege i spesialisering (LIS) i karkirurgi, samt eit vikariat i LIS-stilling.Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 kan òg søke og vil bli vurdert for vikariat dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkarar. Vikariat kan tene som del av spesialistutdanninga.
Dette er ein unik moglegheit til å arbeide ved ei av dei mest avanserte og aktive karkirurgiske avdelingane i Noreg. Karkirurgisk avdeling diagnostiserer og behandlar eit breitt spekter av karkirurgiske tilstandar, inkludert open og endovaskulær kirurgi for aneurismer, carotiskirurgi, perifer karkirurgi og aksesskirurgi.
Vi har eit tett samarbeid med intervensjonsradiologisk avdeling, thoraxkirurgi, kardiologi og traumesenteret, og deltar i mottak av multitraumatiserte pasientar. Avdelinga er tertiærsenter for heile Vestlandet.
Vakttenesta inngår deltaking i mottak av multitraumatiserte pasientar i samarbeid med Traumesenteret i Bergen.
Den faste stillinga inngår i den vaktordninga som til einkvar tid gjeld ved Kirurgisk klinikk. For vikariatet kan dette avtalast.
Vi tilbyr eit strukturert utdanningsløp med fokus på fagleg utvikling og opplæring i både open og endovaskulær karkirurgi. Du vil også delta i forskings- og fagutviklingsaktivitetar, og få rettleiing av erfarne overlegar som er dedikert til å sikre din kompetanseutvikling.
For fast stilling gjeld: Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.