Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) søker engasjerte legar i spesialisering (LIS3) til orthopedisk seksjon ved SNR. Tilsetting i fast stilling frå november 2026, og to 100% vikariat som LIS i ortopedisk kirurgi. Du blir ein del av eit stort fagmiljø med høg operativ aktivitet og god fagleg utvikling.
Vi legg vekt på ein strukturert utdanningsplan med variert operativ trening, tett samarbeid med erfarne kirurgar og moglegheit for forsking og utvikling ved SNR.
Vil du bli ortoped i eit aktivt og framtidsretta kirurgisk fagmiljø?
Vi søkjer engasjerte og fagleg motiverte legar i spesialisering (LIS3) til ortopedisk seksjon ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR).
Vi tilbyr ei fast 100 % stilling og to 100 % vikariat som Lege i spesialisering i ortopedisk kirurgi.
Hos oss blir du ein del av eit stort og aktivt ortopedisk fagmiljø med høg operativ aktivitet, brei fagleg kompetanse og gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling.
Vi legg vekt på at LIS-legane våre skal få ei strukturert, variert og operativt orientert spesialistutdanning, med gradvis aukande sjølvstende og tett samarbeid med erfarne ortopediske kirurgar.
Tilsetting i fast stilling frå november 2026, i vikariata tilsetting etter avtale.
Vi søkjer deg som:
Den store variasjonen i pasientgrunnlag og operative prosedyrar gir eit godt utgangspunkt for ei allsidig spesialistutdanning.
Om Sjukehuset Nordmøre og Romsdal
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal har verksemd ved Hjelset og Kristiansund og tilbyr spesialisthelsetenester til befolkninga i Nordmøre og Romsdal.
SNR Hjelset er eit moderne akuttsjukehus med gode fasilitetar for diagnostikk, behandling og kirurgisk verksemd. I Kristiansund er det omfattande elektiv og poliklinisk verksemd. Nordmøre og Romsdal byr på vakker natur, eit rikt kulturliv og gode moglegheiter for friluftsaktivitetar. Her ...[TRUNCATED]
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal