Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Klinikk Ålesund sjukehus i Ålesund søker lege i spesialisering innan indremedisin og andre medisinske spesialitetar. Det er ledig både fast stilling og eit 6-månaders vikariat, med oppstart så snart som mogeleg, seinast mars 2027.
Medisinsk avdeling er ein del av Klinikk Ålesund sjukehus og har fleire fagseksjonar. Vi har 3-delt vaktsystem og fokus på trygt arbeid og høgt fagleg nivå, med LIS-utdanning i fokus.
Vi ved seksjon for medisinske legar ved Klinikk Ålesund sjukehus har ledig både fast stilling og eit 6-månaders vikariat for lege i spesialisering innan indremedisin og andre medisinske spesialiteter.Tilsetjing er ønskjeleg fra snarast, og seinast fra mars 2027 for vikariat.
Ved intern omrokkering kan andre stillingar bli ledige.
Medisinsk avdeling er ein del av Klinikk Ålesund sjukehus. Den inneheld tre sengepostar, poliklinikkar,dialyseeining og intensivsenger. Avdelinga har alle fagseksjonar innanfor indremedisin inkludert egenslageining. Vi har 3-delt vaktordning med LIS1 og LIS3 til stades heile døgnet og seksjonert bakvakt ikardiologi og nefrologi i tillegg til generell bakvakt. Seksjonen er kjent for eit godt og trygt arbeidsmiljømed samarbeid og høgt fagleg nivå som viktige mål. Høg kvalitet på LIS-utdanning blir prioritert. Vi harfadderordning for nye LIS og har følgevakt i starten. Tryggleik og meistring er viktig for oss.
Vi ber om attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.