Lege i spesialisering, fordøyingssjukdommar

Hnt

Hjelset

On-site

NOK 900,000 - 1,100,000

Full time

11 days ago
Application generator

Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.

Get past ATS filters

Job summary

Helse Møre og Romsdal søker LIS3-lege innan fordøyingssjukdommar ved indremedisinsk avdeling på Hjelset, Molde. Stillinga har fokus på gastroenterologi, utvikling og utdanning i eit nyopparna sjukehusbygg. Du vil få tett oppfølging av rettleiar, tilrettelagt vaktarbeid, ultralydopplæring og kollegialt støttesystem.

Det er vekt på fagleg utvikling og godt arbeidsmiljø, med høg ledig kapasitet og eit sterkt tverrfagleg samarbeid. Oppstart 1.11.2026; søknadsfrist tett opp mot dette.

Qualifications

  • Godkjend del 1 av spesialistutdanninga
  • Du meistrar norsk, både munnleg og skriftleg
  • Erfaring innan indremedisin eller anna relevant spesialisering er ein fordel

Skills

Norsk språk
Indremedisin erfaring

Education

Godkjend del 1 av spesialistutdanninga

Job description

Har du lyst til å arbeide ved kanskje den mest trivelege indremedisinske avdelinga i Norge?

Vår ambisjon er å vere ein av dei beste indremedisinske seksjonane i landet, med særleg vekt på kvalitet, utdanning og eit godt arbeidsmiljø. I april 2025 flytta vi inn i eit splitter nytt sjukehusbygg på Hjelset, berre 15 minutt aust for Molde sentrum.

Medisinske legar består av om lag 60 legar og 17 LIS1-legar, og vi har spesialistar innan alle dei indremedisinske fagområda. Vi er godkjende utdanningsinstitusjon for indremedisin, hjartesjukdommar, lungesjukdommar, fordøyingssjukdommar, blodsjukdommar, infeksjonsmedisin, endokrinologi, geriatri og nyremedisin. Sengepostane er fagseksjonerte, og vi har òg ei eiga indremedisinsk seksjon for inneliggjande pasientar med nyremedisinske og endokrinologiske problemstillingar.

Hos oss er utdanning og opplæring av legar i spesialisering høgt prioritert. Etter introduksjonsperioden får du tett oppfølging av rettleiar, med rettleiingstid sett av i arbeidsplanen to gonger i månaden og halvårlege vurderingskollegium. Du får grundig opplæring i vaktarbeid, medisinsk mottaksteam og ultralyd for indremedisinarar. I tillegg får du ein kollegafadder som kan støtte og hjelpe deg den første tida.

Vi har halvårlege prosedyretreningveker og eit eige sertifiseringsprogram i ultralyd for indremedisinarar, omtala i Dagens Medisin. Alle LIS-legar hos oss får høve til å bli sertifiserte. Du får òg delta på kurs og konferansar som ein del av utdanninga. Hos oss er alle på laget viktige, og vi legg til rette for både fagleg og personleg utvikling slik at du kan gi best mogleg behandling til pasientane våre.

Arbeidsmiljøet vårt er noko vi er stolte av. Her finn du gode kollegaer, høg fagleg kompetanse og ein kultur prega av samarbeid, openheit og trivsel. Vi har kaffi i koppen, fredagsbingo, godt humør og låg terskel for å stikke innom kvarandre for ein fagleg prat eller ei hjelpande hand.
Vi har to vaktsjikt for LIS: LIS3 juniorsjikt (13-delt) og LIS3 seniorsjikt (10-delt). For å kvalifisere til seniorsjiktet blir det gjort ei heilskapleg vurdering i vurderingskollegiet. Det blir mellom anna lagt vekt på minst to års ansiennitet, erfaring frå intensivavdeling eller overvaking og kompetanse i ultralyd for indremedisinarar. Overlege er til stades på sjukehuset fram til klokka 21 kvar dag, og vi har anestesilege, kirurg, ortoped, nevrolog og radiolog tilgjengelege på sjukehuset heile døgnet. Her er miljøet lite nok til at alle kjenner alle, men stort nok til at du aldri står åleine eller må bere meir ansvar enn det som er forsvarleg.

Vi søkjer no etter ein ny LIS3 innan fordøyingssjukdommar. Er du interessert i gastroenterologi, er vi interesserte i deg!

Vil du lære indremedisin i eit fantastisk arbeidsmiljø, omgitt av nokre av dei flottaste fjella i Norge?
Vi ønskjer oppstart i stillinga 1.11.2026. Anna oppstartstidspunkt kan avtalast nærare med leiar for aktuell søkjar.

Søknadsfrist:

  • Med utgangspunkt i eigne interesser legg vi så godt som mogleg til rette for personleg og fagleg utvikling
Kvalifikasjonar
  • Godkjend del 1 av spesialistutdanninga
  • Du meistrar norsk, både munnleg og skriftleg
  • Erfaring innan indremedisin eller anna relevant spesialisering er ein fordel
Personlege eigenskapar
  • Du er positiv og engasjert
  • Du deltek aktivt i arbeidet med å vidareutvikle seksjonen og bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er kunnskapssøkjande og har eit sterkt ønske om å utvikle deg gjennom nye erfaringar

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

  • Ei glimrande moglegheit til å bli ein dyktig indremedisinar og gastroenterolog i ein seksjon som verdset både høg fagleg spisskompetanse og brei generalistkompetanse
  • Eit særs godt arbeidsmiljø og ein triveleg arbeidskvardag med stort fagleg fokus
  • Løn etter gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i ei god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det videre eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Lege i spesialisering, fordøyingssjukdommar
Lege i spesialisering, fordøyingssjukdommar

Helse Midt-Norge RHF • Hjelset

On-site
NOK 700,000 - 900,000
Gode arbeidsforhold
Godt arbeidsmiljø
Offentleg pensjonsordning
+1
Lege i spesialisering, fordøyingssjukdommar
Lege i spesialisering, fordøyingssjukdommar

Arbeidsplassen • Gujorda

On-site
NOK 700,000 - 1,000,000
Pensjonsordning
Overenskomstlønn
Gode forsikringsvilkår
Lege i spesialisering, fordøyingssjukdommar
Lege i spesialisering, fordøyingssjukdommar

Ida Camilla Monn Birkhaug • Hungnes

On-site
NOK 900,000 - 1,200,000
Godt arbeidsmiljø
Offentlig pensjonsordning
Forsikringsvilkår
Lege i spesialisering, fordøyingssjukdommar
Lege i spesialisering, fordøyingssjukdommar

Central Norway Regional Health Authority • Hjelset

On-site
NOK 800,000 - 1,100,000
Gode arbeidsvilkår
Offentleg pensjonsordning
Profesjonell utvikling
+1
Overlege Barnesjukdomar
Overlege Barnesjukdomar

Hnt • Hjelset

On-site
NOK 1,200,000 - 1,500,000
Lege i spesialisering innan rus- og avhengighetsmedisin
Lege i spesialisering innan rus- og avhengighetsmedisin

Hnt • Ålesund

On-site
NOK 900,000 - 1,200,000
Lege i spesialisering innan rus- og avhengighetsmedisin
Lege i spesialisering innan rus- og avhengighetsmedisin

Central Norway Regional Health Authority • Ålesund

On-site
NOK 750,000 - 950,000
Tett rettleiing frå erfarne overlegar
Inkluderande tverrfagleg miljø
Offentleg pensjonsordning og forsikr V
Assistent
Assistent

Arbeidsplassen • Ålesund

On-site
NOK 248,000 - 331,000
Tverrfagleg samarbeid
Inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
+1
Sjukepleiestudent/tilkalling/føde-barsel
Sjukepleiestudent/tilkalling/føde-barsel

Arbeidsplassen • Ålesund

On-site
NOK 248,000 - 331,000
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Inkluderande arbeidsplass
Løn etter overeinskomstar
Lege i spesialisering innan rus- og avhengighetsmedisin
Lege i spesialisering innan rus- og avhengighetsmedisin

Helse Midt-Norge RHF • Ålesund

On-site
NOK 900,000 - 1,200,000
Rettleiing frå overlegar
Variert teneste
Inkluderande arbeidsplass
+1