Aumenta le possibilità di ricevere una risposta da questo datore di lavoro
Il tuo curriculum e una lettera di presentazione personalizzati, che corrispondono esattamente a ciò che sta cercando.
Tokke kommune søker etter ein fagarbeidar ved Høydalsmo skule i 60% vikariat frå 01.01.2027 til 25.06.2027. Skulen har 1–10, rundt 60 elevar og 14 årsverk for pedagogisk personale, og fokuserer på trygt læringsmiljø og tidleg innsats.
Du vil følgje opp elevar i skuletida, delta i SFO-aktivitetar, og samarbeide tett med lærarar, tilsette og føresette. Krav: Godkjent barne- og ungdomsarbeidar eller anna fagbrev og gode norskkunnskapar. Søk i dag.
Eidsborgvegen 1795, 3891 Høydalsmo, 3891 Høydalsmo
Høydalsmo skule har ledig vikariat på omlag 60% som fagarbeider frå 01.01 - 2027 og fram til 25.06 - 2027. Høydalsmo skule er ein 1-10 skule med 60 elevar og om lag 14 årsverk for pedagogisk personale. På skulen arbeider vi kontinuerlig med å skape best mogleg lærings – og utviklingsmiljø der elevane skal oppleve meistring og tryggleik. For å få til dette er vi oppteken av klasseleiing med tydelege vaksne, gode relasjonar, samt fokus på tidleg innsats og tilpassa undervisning. Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med rektor, Dordi Didriksen, e-post: dordid@tokke.kommune.no eller mob.: 922 16 608
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Blir det fleire ledige stillingar fram til nytt skuleår, vil vi nytte same søkjarliste.
Vi i Tokke kommune er opptekne av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Tone Lunde Skaalen,Kommunalsjef Oppvekst,+47 97171406
Eidsborgvegen 1795
3891Høydalsmo
Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler.