Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Ulvik Herad Oppvekst i Ulvik søkjer ein rektor som vil leie utvikling av skulen, skape eit trygt og inkluderande skulemiljø og styrkje elevanes læringsutbyte frå 1.–10. trinn.
Du vil vere ansvarleg for pedagogisk leiing, personalleiing og drift, og samarbeidet med heim og lokalsamfunn vil vere sentralt. Me legg vekt på å utvikle tilpassa opplæring, tidleg innsats og sosialpedagogisk arbeid, og me søkjer ein tydeleg leiar med gjennomføringsevne og evne til å skape meining og felles retning i
Vil du vere med og løfte skulen vår?
Har du eit sterkt engasjement for barn og unge? Er du ein tydeleg og trygg leiar som skaper tillit, engasjement og retning? Brenn du for læring, inkludering og gode fellesskap?
Då kan du vere den nye rektoren vår!
Me har ambisjonar for skulen vår! Framover vil me særleg styrkje arbeidet med eit trygt og inkluderande skulemiljø og løfte elevane sine grunnleggjande ferdigheiter, med særleg vekt på lesing og rekning. Me søkjer ein rektor som kan samle medarbeidarane om ei felles retning og leie dette utviklingsarbeidet med engasjement og gjennomføringskraft.
Som rektor har du det overordna ansvaret for pedagogisk leiing, personalleiing og drift av skulen. Sentrale oppgåver er å:
Erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid, oppfølging av læringsresultat og skulemiljøarbeid vil bli vektlagd. Vi er også opne for søkjarar med solid pedagogisk kompetanse og gode leiareigenskapar som ønskjer å ta steget inn i ei leiarstilling.
Me søkjer ein rektor som ser moglegheitene i skulen, har høge ambisjonar på elevane sine vegner og vil skape utvikling saman med medarbeidarane.
Me gler oss til å høyre frå deg!
Idyllisk plassert inst i Hardangerfjorden, finn du Perla i Hardanger, Ulvik. Spektakulær natur frå fjord til fjell inviterer til friluftsliv heile året. Me er ein Cittaslow- kommune og venskapsby med Greve i Toscana.Heradet tilbyr eit spennande og hyggeleg fagmiljø med gode uviklingsmoglegheiter, og kan hjelpe til med bustad og barnehageplass om du treng det.Ny barnehage opnar hausten 2027.Me er ein av kommunane der du kan få sletta litt av studielånet ditt.Ulvik herad har om lag 1100 innbyggarar og har 180 tilsette. Administrasjonsmålet er nynorsk.vikallar.no