Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Østerbø Solutions søker ein medarbeidar til å drifte lager og verkstad i Sløvåg, og å koordinere delar og utstyr til montasje- og serviceprosjekt. Du tek ansvar for innkjøp og oppfølging av delar og lagerbehaldning, og klargjer utstyr til montørar og serviceteknikarar.
Ein fordel er kjennskap til dieselmotor, strømaggregat eller teknisk lagerhaldning; erfaring kan veie opp for mangel på formell utdanning.
Foto frå opning av ny lokasjon i Sløvåg der lageret var ein naturleg festsal
Vi søkjer deg som:
Det er ein fordel med kjennskap til dieselmotor, strømaggregat, mekaniske produkt eller teknisk lagerhald. Erfaring kan vege opp for formell utdanning.
Hos oss får du ei praktisk og viktig rolle i eit tverrfagleg miljø. Du blir tett på både verkstad, service og prosjekt, og får ansvar for at kvardagen flyt for dei som er ute og leverer.
Vi kallar det litande løysingar. Det gjeld ikkje berre for kundane – det gjeld for dei som jobbar her òg.
Søknadsfrist: 10.08.26, søkarar blir vurdert fortløpande.
Østerbø Solutions har snart 50 års erfaring frá mellom anna nasjonale leveransar av reservekraft og rørsystem, og er ein betydeleg regional aktør på elektro og automasjon. Vi er stolte over å levere litande løysingar til kundar innen akvakultur, industri og det offentlege.
Selskapet har i dag ca 65 tilsette fordelt mellom hovudkontor på Østerbø og avdelingar på Frekhaug, Mongstad og Sløvåg. Velkommen med på laget