A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Sotra vidaregåande skule i Vestland søker lærar i matematikk og naturfag i 65% fast stilling frå 1. januar 2027. Skulen har to skulestadar, Bildøy og Skogsvåg, og tilbyr vaksenopplæring.
Du vil undervisa i matematikk og naturfag, følgja opp elevar og samarbeida med elevar, kollegaer og skuleleiing. Krav: undervisningskompetanse, pedagogisk utdanning, gode IKT-kunnskapar og gode norsk-kunnskapar.
Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialisering. Vi har i dag to skulestadar, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 800 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca. 150 vaksne elevar på ulike program.
Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle opplever fagleg og sosial meistring. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ei motiverande opplæring. Elevane på Sotra vgs skal ha medverknad og har medansvar for læringa og for fellesskapet.
Vi søkjer etter lærar i matematikk og naturfag i 65% fast stilling frå 1.januar 2027.
Den som tilsetjast må legge fram politiattest.
Ein må rekne med å få undervisning på alle skulestadene på Sotra vgs.