Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Hareid kommune søker ein engasjert lærar til ei fast stilling ved Hareid skule. Det vil også vere behov for vikarar i lengre vikariat i løpet av året.
Du må ha god fagleg breidd og gjerne eitt eller to basisfag, særleg innan IKT, spesialpedagogikk, kunst og handverk, kroppsøving, mat og helse og naturfag. Du kan få ansvaret som kontaktlærar og delta i satsingane om språk, lesing og inkluderande skulemiljø.
Hareid kommune har ledig ei fast lærarstilling ved Hareid skule frå 20. oktober. I tillegg vil det bli behov for vikarar i lengre vikariat i løpet av året.
Er du ein engasjert lærar og omgjengeleg kollega, som meistrar og har sansen for dei varierte forventningane som er knytt til det å vere tilsett i skulen i dag? Då ønskjer vi i sektor for læring og kultur på Hareid å høyre frå deg!
Vi ønskjer at du har god, fagleg breidd og eitt eller helst to basisfag. Elles er det særleg innan IKT, spesialpedagogikk, kunst og handverk, kroppsøving, mat og helse og naturfag vi har bruk for fleire lærarar.
Som søkjar bør du rekne med og kanskje jamvel ønskje deg å vere kontaktlærar.
I Hareid-skulen har vi eit breitt syn på kva eit godt læringsmiljø skal innehalde. Vi tenkjer langsiktig på satsingane vi no er inne i kring språk og lesing, inkluderande barnehage og skulemiljø og ein meir praktisk skule.
Du må rekne med å kunne ta på deg rolla som kontaktlærar.
Lærarar som vert tilsette i skulen må oppfylle kompetansekrav for tilsetting, jamfør forskrift til opplæringslova §17-3 og opplæringsforskrifta §12 .
Vi ser særleg etter deg som har god kompetanse og/eller erfaring frå barnesteget, god fagleg breidd er fagleg sterk, men har også gode ferdigheiter i klasseromsleiing og tilpassing og tilrettelegging av undervisninga.
Ved tilsetting vil Hareid kommune også sjå etter lærarar som:
Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Jf. Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. Du blir kontakta i forkant.