Eine vollständige Bewerbung in einer Minute
Maßgeschneiderter Lebenslauf und Anschreiben – versandbereit.
Meling skule i Bremnes søkjer lærarvikar frå 4. januar 2027, med korte vikariat og inntil eit halvt år. Skulen har 1.–7.
trinn, 198 elevar og 36 tilsette, og ligg fint til med nært friluftsområde og moderne klassar. Arbeidsoppgåver inkluderer undervisning i ulike fag, fylgja opp elevanes faglege og sosiale utvikling, og å skapa eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø. Krav: godkjent lærarutdanning og undervisningskompetanse i minst eit av faga matematikk, norsk eller engelsk, samt i andre
Meling skule har ledige undervisningsvikariat frå 4. januar 2027.
Me søkjer deg som vil vera ein del av eit inkluderande fellesskap der me arbeider saman for at elevane skal oppleva respekt, tillit og tydelege forventningar i eit trygt og motiverande læringsmiljø. Det er i hovudsak behov for kortare vikariat og vikariat på inntil eit halvt år, i både heile og reduserte stillingar fram til sommarferien.
Meling skule er ein barneskule for 1.–7. trinn med 198 flotte elevar og 36 engasjerte tilsette. Skulen ligg fint til i bygda Meling og har gode klasserom, arbeidsrom og personalfasilitetar, eigen SFO-base og eit stort uteområde. Deler av skulen er oppussa og i skulegarden har me òg ein nyare paviljong med to store og moderne klasserom.
Med kort veg til turløyper og natur har me gode føresetnader for fysisk aktiv læring og uteskule, noko me legg stor vekt på i skulekvardagen.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringslova § 17-11, jf. politiregisterloven § 39 første ledd.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Katrine Hausberg,Rektor Meling skule,958 35 391
Melingsheio 20
5430Bremnes
Arbeidsgivar: Bømlo kommune
Referansenr.: 5212935514
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 04.01.2027
Sluttdato: 18.06.2027
Søknadsfrist: 04.12.2026