Une candidature complète en une minute
Un CV et une lettre de motivation personnalisés, prêts à envoyer.
Kvinnheringen i Kvinnherad søkjer ein allsidig journalist som behersker nynorsk og kan skrive, fotografere og lage video med mobilen. Vi leverer kritisch, uavhengig og god journalistikk, og vi søkjer kandidatar med interesse for politikk, næringsliv, kultur og sport.
Du får mykje fridom under ansvar, tilgang til teknologi gjennom Amedia, og gode utviklingsmoglegheiter i eit godt arbeidsmiljø.
No har du sjansen til å bli ein del av laget i den største lokalavisa i Kvinnherad! Kvinnheringen skal dagleg servera spennande innhald som engasjerer og gjer folk klokare. Vi har som mål å levera kritisk, uavhengig og god journalistikk - derfor treng vi dei beste journalistane!
Å jobba som journalist krev at du er allsidig, og vi treng journalistar med kompetanse og interesse for alt frå politikk og næringsliv til kultur og sport. Men vi vil gjerne vita meir om dei sterke sidene dine, så skriv gjerne kva du likar best å jobba med og om du har spesialkompetanse på nokre område. Vi legg vekt på digital kompetanse og relevant erfaring, og du må ha førarkort og disponera bil.
Synest du det verkar spennande å jobba med oss, send oss ein søknad med CV og referansar innan 15. november.
Om du ønskjer ein prat og litt meir informasjon, kontakt redaktør Mona Grønningen på mona@kvinnheringen.no, eller ring 99224355.
Du kan også kontakta NJ-leiar Marius Tveit Nissestad på marius@kvinnheringen.no eller ring 48001295.
Kvinnheringen er den største lokalavisa i Kvinnherad, med eit opplag på rundt 3.786 (1. halvår 2026). Dei siste åra har vi hatt ein solid digital vekst, og no er nesten 67 prosent av abonnentane våre digitale. Kvinnheringen er eigd av Amedia-konsernet.
Dagleg når dei 108 norske avisene våre meir enn to millionar lesarar.
Amedia er i fleire år kåra til ein av landets mest attraktive arbeidsgjevarar og er sertifisert som Great Place To Work. Sertifiseringa stadfestar at medarbeidarane opplever organisasjonen som ein god stad å arbeide.