Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Gullbring kulturhus i Bø søker ein kulturhusleiar som kan leie den komplette organisasjonen og det daglege arbeidet i bygget. Du blir del av leiarteamet og har ansvar for å forvalte program, leigeavtalar og relasjonar til tilsette og publikumar.
Hovudoppgåver omfattar økonomistyring, personalleiing, HMS og internkontroll, samt vidare utvikling av kulturhuset si profil og tilbydar-program. Stillinga er naturleg knytt til Midt-Telemark kommune, med god merksemd på samarbeid og endringsprosessar.
Gullbring kulturhus i Bø er den kulturelle storstova i Midt-Telemark kommune og eit hus for folkehelse; ein sosial møteplass og arena for kunst- og kulturlivet, idretten, frivilligheita, skule, helse og utdanning. Vår kulturhusleiar begynner i ny jobb, - difor lyser vi ut stillinga.
Midt-Telemark kommunale eigedom AS eig huset og har ansvar for teknisk drift, reinhald og vedlikehald, medan Midt-Telemark kommune leiger heile kultur- og idrettsbygget med uteområde. Kommunen harorganisert drifta av kulturhuset som ei avdeling i eining for kultur og fritid. Kulturhusleiar/avdelingsleiar rapporterer til kultursjef/einingsleiar, - og deltar i leiarteamet ved sidan av rektor for kulturskolen og bibliotekleiar.
Kulturhusleiar sitt team som består av fagansvarlege for kino, kafé, folkebad og idrett, arrangementsteknikar og vaktmeister. Gullbring kulturhus har i underkant av 10 årsverk fordelte på heil- og deltidssette og tilkallingsvikarar.

Kulturhuset driv kafé/kiosk, idrettshall, svømmehall/folkebad, kino og arrangement. I tillegg leiger kulturhuset ut lokale til kulturskulen, andre kommunale tenester, frivillige lag og eksterne aktørar. Universitetet i Søraust-Noreg er den største leigetakaren. I 2028 opnar kommunen nytt folkebibliotek i kulturhuset.
Kulturhusleiar sitt team som består av fagansvarlege for kino, kafé, folkebad og idrett, arrangementsteknikar og vaktmeister. Gullbring kulturhus har i underkant av 10 årsverk fordelte på heil- og deltidssette og tilkallingsvikarar.
Dette er personlege eigenskapar som vil bli tillagt stor vekt.
Hilde Kristine Pedersen,Einingsleiar,+47 95704048
Gullbringvegen 34
3800Bø i Telemark
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune
Referansenr.: 5178011340
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.11.2026
I staben (den sentrale administrasjonen) jobbar me for heile kommunen. Me er tre einingar som ivaretek oppgåver innan personalforvaltning, kommunikasjon, service, arkiv, politisk sekretariat og økonomiforvaltning. Kultur og fritid er også organisatorisk plassert i staben.Staben er i hovudsak ein tilretteleggar, rådgjevar og støtte til leiarane i rolla deira. Me skal sørgje for gode arbeidsprosessar, system, retningslinjer ol., og bidra til å sikre god medråderett mellom tilsette og kommunen som arbeidsgjevar. Me har også ansvar for informasjon og dialog med innbyggjarane gjennom ma. heimeside og sosial medie.
Staben blir leia av kommunedirektør og held til i kommunehuset i Bø.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.