Get more replies from employers
Send a job-specific resume in minutes.
Helse Førde HF i Førde har ledige stillingar i Matforsyning ved Førde sentralsjukehus. Du vil være med på produksjon og tilberedning av måltider, og delta i dagleg drift tilknytta kjøkken og mottakskjøkken i sengepostar.
Arbeidet krev at du bidreg til mattryggleik, service til pasientar og samarbeid i teamet. Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst, og ordningar som er vanlege i Helse Førde.
Matforsyning på Førde sentralsjukehus har ledig følgjande stillingar:
Vi produserar og serverer mat til pasientane frå pasientkafear, kantiner og besøkskafear. Førde har produksjonskjøkken og leverer mat til dei andre sjukehusa og institusjonane i Helse Førde. Matforsyning har moderne kjøkken og trivelege arbeidsplassar på alle lokasjonane.
Arbeidsstad for begge stillingane er Førde sentralsjukehus
Felles for begge stillingane
H else Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.