Klinikkleiar

Vestland fylkeskommune

Bergen

On-site

NOK 750,000 - 1,100,000

Full time

3 days ago
Be an early applicant

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Job summary

Vestland fylkeskommune søker to engasjerte klinikkleiarar til TkVestland sin spesialistklinikk i Bergen. Stillinga krev tydeleg Leiing, utvikling av tenesta og god personalstyring for cirka 25 tilsette. Du vil bidra til fagleg kvalitet, pasientsikkerheit og eit godt arbeidsmiljø.

Du deltek i strategi- og utviklingsprosessar, budsjettansvar, og samhandling med forsking og administrasjon. Ein spanande rolle i eit fagmiljø med høg kompetanse og fokus på førebygging og pasienttilbod.

Qualifications

  • Relevant høgare utdanning, gjerne innan leiing, administrasjon eller tilsvarande.
  • Erfaring frå leiing, anten i form av personalleiing og/eller fagleiing.
  • Det er ønskjeleg at utdanning innan helsefagleg retning, fortrinnsvis tannhelse.
  • Erfaring frå offentlege helsetenester.

Responsibilities

  • Byggje og vidareutvikle eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Ansvar for budsjett og økonomistyring for eigen klinikk.
  • Sørgje for at vedtak, føringar og styringsdokument blir følgde opp og operasjonaliserte i den daglege drifta.
  • Syte for at drifta er i tråd med lover og retningslinjer, og følgjer målsetnadane til Vestland tannhelseteneste.
  • Saman med den andre klinikkleiaren, sikre at klinikken tilbyr tenester med høg fagleg kvalitet, god pasienttryggleik og profesjonell service.
  • Bidra til god samhandling mellom klinikk, forsking og administrasjon.

Skills

Ledelse
Personalleiing
Administrasjon

Education

Høgare utdanning
Helsefagleg retning
Offentlege helsetenester erfaring

Job description

Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.

Tannhelsetenesta i Vestland er ein stor og kompleks verksemd med brei fagkompetanse, spesialistfunksjonar, gode forskingsmiljø og med eit sterkt førebyggjande fokus. Samla bidreg dette til gode folkehelse i fylket vårt. Avdelinga har omlag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og kompetansesenteret TkVestland.

God leiing av klinikkane våre er avgjerande for å sikre drift, effektiv ressursbruk og trygge arbeidsmiljø.

Har du lyst til å leie eit av dei mest spennande og fagleg sterke miljøa innan offentleg tannhelseteneste i Noreg?

Tannhelsekompetansesenteret i Vestland ( TkVestland) søkjer no to engasjerte og tydelege klinikkleiar til vår spesialistklinikk i Bergen, som vil vere med å styrkje oppdraget vårt gjennom god og framtidsretta leiing.

Som eitt av fem regionale odontologiske kompetansesenter i landet har TkVestland eit breitt samfunnsoppdrag: vi skal sikre spesialisttannhelsetenester til befolkninga, drive fagutvikling og kvalitetsarbeid, byggje kunnskap gjennom klinisk praksisnær forsking, og vere ein fagleg ressurs for heile den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Spesialistklinikken er hjarta i denne verksemda, med eit sterkt tverrfagleg fagmiljø og tett samarbeid med forskingsavdelinga vår.

Klinikken har om lag 45 tilsette og som ein av to klinikkleiar får du ansvar for omlag 25 tilsette og ei sentral rolle i å utvikle tenesta vidare, samstundes som du tek vare på og styrkjer eit arbeidsmiljø prega av fagleg stoltheit, samarbeid og utviklingsvilje. Du bidrar til åutvikle gode, trygge og moderne tenester for dei som treng oss aller mest. Du deltek aktivt i strategi- og utviklingsprosessar for TkVestland gjennom områdeleiar si leiargruppe, og bidreg til at vi når måla våre innan fagutvikling, forsking og pasienttilbod.

  • Byggje og vidareutvikle eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø, med vekt på medverknad, samarbeid og kontinuerleg fagleg utvikling.
  • Ansvar for budsjett og økonomistyring for eigen klinikk.
  • Sørgje for at vedtak, føringar og styringsdokument blir følgde opp og operasjonaliserte i den daglege drifta.
  • Syte for at drifta er i tråd med lover og retningslinjer, og følgjer målsetnadane til Vestland tannhelseteneste.
  • Saman med den andre klinikkleiaren, sikre at klinikken tilbyr tenester med høg fagleg kvalitet, god pasienttryggleik og profesjonell service.
  • Bidra til god samhandling mellom klinikk, forsking og administrasjon.
Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • relevant høgare utdanning, gjerne innan leiing, administrasjon eller tilsvararande.
  • erfaring frå leiing, anten i form av personalleiing og/eller fagleiing .

Det er ønskjeleg at du har:

  • utdanning innan helsefagleg retning, fortrinnsvis innan tannhelse
  • erfaring frå offentlege helsetenester
Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som:

  • utøver tydeleg, trygg og tillitsbasert leiing.
  • evner å skape samhald og felles retning for eininga di.
  • byggjer sterke fagmiljø og ein verdibasert kultur, der kvalitet, ansvar og samarbeid står sentralt.
  • tek avgjerder og følgjer dei opp og evnar å omsetje planar til handling og resultat.
  • byggjer gode relasjonartil pasientar, pårørande, medarbeidarar og eksterne samarbeidspartnarar.

Leiarskapet ditt kan forankrast i verdiane til Vestland fylkeskommune som er kompetent, open og modig.

  • ei spanande og variert leiarstilling i eit fagmiljø med høg kompetanse og engasjement.
  • deltaking i Vestland fylkeskommune sitt leiarutviklingsprogram.
  • eit sterkt leiarfelleskap i tannhelseområdet si leiargruppe.
  • fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode offentlege forsikrings- og pensjonsordninga

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonalpådrivarfor eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak fra offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 måneder. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Klinikkleiar
Klinikkleiar

Vestland fylkeskommune • Norheimsund

On-site
NOK 1,000,000 - 1,500,000
Tannhelsesekretær ved spesialistklinikken på TkVestland
Tannhelsesekretær ved spesialistklinikken på TkVestland

Vestland fylkeskommune • Bergen

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Tannlege
Tannlege

Vestland fylkeskommune • Norheimsund

On-site
NOK 594,000 - 726,000
Løn etter avtale
Gode offentlege pensjons- og forsikrng
Tannhelsesekretær
Tannhelsesekretær

Vestland fylkeskommune • Lindås

On-site
NOK 420,000 - 520,000
Klinikkleiar
Klinikkleiar

IDI-TH - Norheimsund/Odda klinikkområde, Vestland fylkeskommune • Mo

On-site
NOK 900,000 - 1,200,000
Offentlige forsikrings- og pensjonsord
Tannlege
Tannlege

Osteroy • Bergen

Remote
NOK 594,000 - 726,000
Offentlige pensjons- og forsikringsord
Tannlege
Tannlege

Vestland fylkeskommune • Ulset

On-site
NOK 594,000 - 726,000
Løn etter avtale
Pensjons- og forsikringsordningar
Tannlege
Tannlege

Vestland fylkeskommune • Lindås

On-site
NOK 594,000 - 726,000
Tannhelsesekretær
Tannhelsesekretær

Vestland fylkeskommune • Ulset

On-site
NOK 520,000 - 560,000
Tannhelsesekretær
Tannhelsesekretær

Osteroy • Bergen

Remote
NOK 520,000 - 620,000
Top locations