An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Ålesund kommune ved Sandøy omsorgsdistrikt har ledig 4 stillingar som kjøkkenvert i institusjonsavdelingar. Stillingsprosent er mellom 10–14 prosent, og kvar tredje helg inngår i arbeidsplanen. Arbeidsstad er Sandøytunet på Harøya.
Stillingane er kopla til Sandøy omsorgsdistrikt som består av øyer og fastlandsforbindelse Nordøyvegen. Du må vere god i norsk, vere lagspiller og serviceinnstilt, og kunne bidra til måltid og ernæring samt reinhald i avdelingskjøkken og fellesrom.
Ålesund kommune ved Sandøy omsorgsdistrikt har grunna vakanse ledig 4 stillingar som kjøkkenvert i institusjonsavdelingar. Stillingsprosent er mellom 10-14 prosent, ut frå lengde på arbeidshelg.
Arbeidsstad er pt. avdeling bufellesskap og sjukeheim. Bufellesskap har 10 plassar for personer med kognitiv svikt og sjukeheim har 8 plassar med korttid og langtidsplassar. Kjøkkenvert stillingane er pt. innplassert i arbeidsplan med arbeid kvar 3. helg.
Tenestestad er Sandøytunet på Harøya i Ålesund kommune.
Bufellesskap og sjukeheim er samlokalisert med med dagaktivitetssenter, heimetenester, storkjøkken og andre kommunale tenester på Steinshamn, Harøya.
Stillingane er knytt til Sandøy omsorgsdistrikt som består av eit lokalsamfunn med fleire øyar, Harøya og Finnøya har fastlandsforbindelse- Nordøyvegen. Andre tilbod ein har i nærleiken til Sandøytunet er barnehage, barne og ungdomsskule, daglegvarebutikkar, bank og mange private bedrifter. Det er mange tilbod for fritida lokalt innan friluftsliv, idrett, treningssenter og kultur. Kommunen har verdiane open, engasjert og modig og har fokus på bærekraft i planlegging, gjennomføring og evaluering i tenestene.
Det lokale næringslivet er både lokalt, nasjonalt og ikkje minst internasjonalt orientert. Ålesund er «bygd» på fiske og fangst. Framleis er Ålesundregionen er verdsleiande på det marine og maritime området. Fleire av landets største fiskebedrifter og oppdrettsselskap held til i kommunen vår. Ålesund har Noregs største cruisehamn, største fiskerihamn og nest største containerhamn. Vi er og Noregs største eksporthamn på fiskeriprodukter.
Kommunen er det største kollektivknutepunktet i fylket, og tal frå 2016 viser at det årleg er rundt to millionar passasjerer som går av eller på ein buss eller båt i Ålesund.
Ålesund by er viden kjend for sin vakre jugendstil. Tårn, spir og vakre utsmykkingar møter deg som går gatelangs der.
Byen ligg som ein døropnar til fjordsystemet på Sunnmøre og strekk seg heilt nord til Ona utenfor Romsdalskysten. Andre attraksjonar i kommunen er Ona fyr og fantastiske fjell, fjordar og natur rett utenfor stovedøra.
Vi er ein universitetskommune og har eit nært samarbeid med NTNU på Campus Ålesund. På Campus Ålesund finn du òg Ålesund framtidslab - U4SSC ip.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennane alternativ.