Juridisk rådgjevar 100% vikariat

Øygarden kommune

Straume

On-site

NOK 650,000 - 900,000

Full time

9 days ago

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Job summary

Øygarden kommune i Vestland søkjer ein engasjert og fagleg trygg juridisk rådgivar som ønskjer å bidra til god kvalitet i barneverntenesta. Du vil vere ein sentral del av teamet og arbeide tett med leiarar og tilsette for å sikre forsvarleg sakshandsaming, god rettstryggleik og kontinuerleg fagutvikling.

Stillinga er eit vikariat fram til januar 2028 og inneheld ansvar for rettleiing, internkontroll og vidareutvikling av Landsbymodellen i verksemda.

Qualifications

  • Juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
  • Førarkort klasse B.

Responsibilities

  • Sakshandsaming og klagebehandling etter barnevernslova og anna relevant regelverk.
  • Handsaming av krav om innsyn.
  • Juridisk rådgiving og rettleiing til leiarar og tilsette.
  • Juridisk bistand i faglege vurderingar og beslutningsprosessar.
  • Bidra til å sikre god forvaltningspraksis, rettstryggleik og forsvarleg saksbehandling.
  • Bidra i internkontroll, kvalitetsarbeid og avvikshandtering.
  • Utvikling og kvalitetssikring av rutinar og prosedyrar.
  • Undervisning og opplæring av tilsette innan relevante juridiske tema.
  • Bidra med juridisk kompetanse i fag- og tenesteutvikling.

Skills

Juridisk analyse
Rettstryggleik
Sakshandsamming
Kommunikasjonsevner

Education

Master i rettsvitskap

Job description

Vil du bruke juridisk kompetanse i eit fagfelt der gode rettslege vurderingar har stor betydning for barn og familiar?

Øygarden barnevernteneste søkjer ein engasjert og fagleg trygg juridisk rådgivar som ønskjer å bidra til god kvalitet, god rettstryggleik og vidare utvikling av tenesta.

Stillinga er eit vikariat som går fram til januar 2028.

Som juridisk rådgivar hos oss vil du arbeide tett med leiarar og tilsette i barneverntenesta. Du vil få ei sentral rolle i å sikre god forvaltningspraksis og forsvarleg sakshandsaming, samstundes som du får høve til å bidra aktivt i fag- og tenesteutvikling.

Vi ser etter deg som trivst i skjeringspunktet mellom juss, fag og menneske, og som evnar å gjere komplekse juridiske problemstillingar forståelege og anvendelege i praksis.

Er du ein som:
  • er engasjert i barn og familiar og har respekt for menneske i krevjande livssituasjonar?
  • er oppteken av rettstryggleik og god offentleg forvaltning?
  • trivst med komplekse juridiske problemstillingar?
  • er nøyaktig, strukturert og løysingsorientert?
  • likar å samarbeide og dele kompetansen din med andre?
  • ønskjer å bidra til utvikling – ikkje berre forvalte dagens praksis?

Då ønskjer vi deg med på laget vårt!

Om barneverntenesta

Barneverntenesta i Øygarden er organisert saman med Familihjelpa, Familiehelsehjelpa og Lærings- og inkluderingssenteret. Tenesta omfattar om lag 60 stillingar og er organisert i fleire fagteam.

Vi arbeider målretta med kvalitet, rettstryggleik og utvikling av tenestene våre.

Landsbymodellen er ein sentral del av utviklingsarbeidet vårt. Med utgangspunkt i tanken at det trengst ein heil landsby for å oppdra eit barn, arbeider vi for å setje barnet og barnet sine behov i sentrum og mobilisere ressursane rundt barnet og familien.

Familie, nettverk, kommunale tenester og andre samarbeidspartnarar er viktige ressursar i arbeidet med å skape tryggleik og varige endringar for barn og unge. Gjennom Landsbymetodikken ønskjer vi også å styrkje samhandlinga mellom tenestene, slik at barn og familiar opplever meir heilskaplege og koordinerte tenester.

Som juridisk rådgivar vil du vere ein viktig del av dette utviklingsarbeidet. Du skal bidra til at fagleg utvikling og nye arbeidsmåtar skjer innanfor gjeldande rettslege rammer, og at omsynet til barnet, rettstryggleik og forsvarleg sakshandsaming vert ivareteke.

Arbeidsoppgåver:

Som juridisk rådgivar vil du ha varierte arbeidsoppgåver og arbeide tett på den faglege verksemda i barneverntenesta og den daglege drifta. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:

  • Sakshandsaming og klagebehandling etter barnevernslova og anna relevant regelverk
  • Handsaming av krav om innsyn
  • Juridisk rådgiving og rettleiing til leiarar og tilsette
  • Juridisk bistand i faglege vurderingar og beslutningsprosessar
  • Bidra til å sikre god forvaltningspraksis, rettstryggleik og forsvarleg saksbehandling
  • Bidra i internkontroll, kvalitetsarbeid og avvikshandtering
  • Utvikling og kvalitetssikring av rutinar og prosedyrar
  • Undervisning og opplæring av tilsette innan relevante juridiske tema
  • Bidra med juridisk kompetanse i fag- og tenesteutvikling, mellom anna i vidareutviklinga av Landsbymodellen/Landsbymetodikken

Arbeidsoppgåvene vert i hovudsak utførte innanfor fleksibel arbeidstid. Arbeid på ettermiddag må påreknas, særleg i samband med akuttarbeid. Den juridiske rådgivaren vil ha eit fagleg fellesskap med kommuneadvokaten. Kommuneadvokaten vil vere ein sentral samarbeidspartnar og bidra med juridisk rettleiing og fagleg støtte.

Kvalifikasjonar:
  • Juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap
  • God juridisk metodeforståing og evne til å gjere sjølvstendige juridiske vurderingar
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Førarkort klasse B
Ønskjeleg med:
  • Erfaring frå barnevernsfeltet eller anna relevant offentleg forvaltning
  • Kunnskap om forvaltningsrett og offentleg saksbehandling
  • Erfaring med juridisk rådgiving og rettleiing
  • God digital kompetanse
Personlege eigenskapar:
  • Er fagleg trygg, nøyaktig og kvalitetsmedviten
  • Har god rolleforståing og høg etisk bevisstheit
  • Møter barn, familiar og samarbeidspartnarar med respekt og forståing
  • Har gode analytiske evner og trivst med komplekse problemstillingar
  • Arbeidar strukturert og klarer å prioritere når fleire oppgåver og lovpålagde fristar skal handterast samtidig
  • Kan arbeide sjølvstendig, samtidig som du trivst med samarbeid og tverrfagleg arbeid
  • Kommuniserar juridiske vurderingar på ein tydeleg og forståeleg måte
  • Er fleksibel og løysingsorientert
  • Er nysgjerrig på andre sine perspektiv og bidreg positivt inn i faglege drøftingar
  • Ønskjer å bidra til eit trygt, inkluderande og utviklingsorientert arbeidsmiljø

Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.

Anna:
  • Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding
Vi tilbyr:
  • Ei spennande juriststilling innanfor eit viktig samfunnsoppdrag
  • Varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver
  • Tett samarbeid og fagleg rettleiing frå kommuneadvokaten
  • Eit kompetent og engasjert fagmiljø
  • Høve til å påverke og bidra i utviklinga av barneverntenesta
  • Erfaring frå eit rettsområde der juridiske vurderingar har stor betydning for barn og familiar
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Fleksitidsordning
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontakt:

For meir informasjon om stillinga ta kontakt med:

Einingsleiar Hege Gundersen
Telefon: 934 84 846
E-post: Hege.Gundersen@oygarden.kommune.no

Øygarden kommuneønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Barneverntenesta
Barneverntenesta

Hege Gundersen • Straume

On-site
NOK 650,000 - 800,000
Fleksitidsordning
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Barneverntenesta
Barneverntenesta

Marian Austrheim • Straume

On-site
NOK 480,000 - 580,000
Pensjons- og forsikringsordningar
Tarifflønn
Meiningfull og fagleg spennande still1
+2
Barneverntenesta
Barneverntenesta

Øygarden kommune Barneverntenesta • Straume, Øygarden

On-site
NOK 550,000 - 700,000
Fleksitidsordning
Pensjons- og forsikringsordningar
Profesjonell utvikling
+1
Logoped/PP-rådgjevar – 100 % vikariat
Logoped/PP-rådgjevar – 100 % vikariat

Øygarden kommune • Straume

On-site
NOK 580,000 - 720,000
Pensjons- og forsikringsordningar
Kunnskapsrike kollegaer
Utfordrende oppgåver
+2
Miljøterapeut med medisinkompetanse
Miljøterapeut med medisinkompetanse

Øygarden kommune • Straume

On-site
NOK 520,000 - 720,000
Pensjonsordningar
Godt arbeidsmiljø
Kunnskapsrike kollegaer
+3
38% vaken nattevakt
38% vaken nattevakt

Øygarden kommune • Straume

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Startlån for å rekruttere helseperson員
ROP-huset på Søre Bildøy
ROP-huset på Søre Bildøy

Rikke Etim • Rong

On-site
NOK 520,000 - 640,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Startlån for å rekruttere helseperson 
Psykisk helse og rus
Psykisk helse og rus

Rikke Etim • Rong

On-site
NOK 520,000 - 680,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Ein spennande arbeidsplass med godt k 
Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
+3
40% fast stilling som helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar
40% fast stilling som helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar

Øygarden kommune • Straume

On-site
NOK 380,000 - 460,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Spanande og lærerik arbeidskvardag
Startlån for rekruttering
Helgestillingar 15% fast
Helgestillingar 15% fast

Øygarden kommune • Øygarden

On-site
NOK 350,000 - 480,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Startlån for å rekruttere helseperson/