Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Porten i Polaris Media Nordvestlandet søkjer ein nysgjerrig og skriveglad journalist til heiltidstilling. Du får tett oppfølging, grundig opplæring og ein redaksjonskvardag med høgt tempo og ambisjonar i lokalsamfunnet i Sogn.
Du bør ha interesse for å skape nyheiter, møte folk, stille spørsmål, ta bilete og bidra til at Porten held fram som ei viktig stemme i området. Turnus- og helgearbeid må pårekna.
Vil du vere tett på nyheitene i Sogn? Porten ser etter ein nysgjerrig og skriveglad journalist som vil bli med i ein ung, heildigital lokalavis med høgt tempo og store ambisjonar.
Porten er ei heildigital lokalavis i Polaris Media Nordvestlandet, og no ser me etter ein ny journalist som vil vere med på laget vårt.
Kanskje har du allereie erfaring frå journalistikk. Kanskje har du berre ein sterk skrivespire i deg, er nysgjerrig på folk og samfunn, og har lyst til å lære korleis kvardagen i ei lokalavis eigentleg fungerer. Uansett bakgrunn kan du vere akkurat den me ser etter.
Hos oss får du grundig opplæring, tett oppfølging og ein redaksjonskvardag der ingen dagar er heilt like. Du får vere tett på lokalsamfunnet, jakte dei gode sakene, møte folk, stille spørsmål, ta bilete, skrive nyheiter og bidra til at Porten held fram med å vere ei viktig stemme i Sogn.
Me lyser ut ei fulltidsstilling som journalist.
Me er ein ung, hardtarbeidande og engasjert redaksjon som trivst med tempo, korte fristar og travle dagar. Du må rekne med noko turnus- og helgearbeid etter behov.
Det spelar likevel inga rolle kvar i Indre Sogn du bur. Me tilbyr gode moglegheiter for heimekontor og fleksible løysingar.
Det er også eit pluss om du har interesse for podkast, video eller sport.
Har du ein ivrig skribent i deg, teft for gode historier og lyst på ein spennande jobb i lokalavisa?
Då håpar me å høyre frå deg.