Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Arbeidsplassen i Vågå kommune søkjer ei engasjert jordmor til ei kombinert stilling med oppgåver i kommunal svangerskapsomsorg og interkommunal jordmorvakt.
Stillinga er delt 52 % interkommunal jordmorvakt og 48 % kommunal svangerskapsomsorg, med kontor i Vågå helsesenter. Du vil følgje kvinner og familiar gjennom svangerskap, fødsel og barseltid, i eit tverrfagleg samarbeid.
Ledig frå 01.01.27
52 % interkommunal jordmorvakt og 48 % kommunal svangerskapsomsorg
Vil du vere med og utvikle eit godt og framtidsretta jordmortenestetilbod i regionen? Vi søkjer etter ein engasjert og fagleg dyktig jordmor til ei spennande kombinert stilling med arbeid både innan kommunal svangerskapsomsorg og interkommunal jordmorvakt.
Stillinga er delt mellom:
52 % interkommunal jordmorvakt, der du inngår i vaktordning for følgjeteneste og beredskap for gravide og fødande.
48 % kommunal svangerskapsomsorg, med oppfølging av gravide, førebyggjande arbeid og tverrfagleg samarbeid.
Stillinga er ein del av Helsestasjon og skulehelsetenesta med kontor i 2. etasje på Vågå helsesenter.
Du vil få ein variert arbeidskvardag med høve til å følgje kvinner og familiar gjennom svangerskap, fødsel og barseltid.
Svangerskapsomsorg i tråd med nasjonale retningsliner
Individuelle konsultasjonar og oppfølging av gravide og nyfødte
Ammekyndig oppfølging og barselarbeid
Foreldre- førebuande kurs
Heimebesøk og oppfølging etter fødsel
Dokumentasjon i fagsystem Infodoc
Deltaking i tverrfagleg samarbeid med fastlegar, helsestasjon, spesialisthelseteneste og andre relevante samarbeidspartnarar
Deltaking i interkommunal jordmorvakt og følgjeteneste
Bidra til fagutvikling og kvalitetsarbeid
Norsk autorisasjon som jordmor
Erfaring frå svangerskaps- og barselomsorg er ynskjeleg, men nyutdanna oppfordrast også til å søkje
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Relevant klinisk erfaring er ønskjeleg
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Førarkort klasse B
Erfaring frå svangerskapsomsorg og følgjeteneste er ein fordel
Vi søkjer deg som:
Er fagleg trygg og sjølvstendig
Har gode samarbeidsevner
Er fleksibel og løysingsorientert
Har god evne til kommunikasjon og relasjonsbygging
Bidreg til eit arbeidsmiljø med arbeidsglede, engasjement og inkludering
Ei meiningsfull og utfordrande stilling
Varierte arbeidsoppgåver i eit viktig samfunnsoppdrag
Dyktige og engasjerte kollegaer
Moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtalar. Det blir stilt krav om politiattest før tiltreding.
Vågå kommune ligg i Nord-Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane, omtrent midt mellom Oslo og Trondheim, med ei reisetid til begge på knappe 4 timar, så vel med bil som med tog eller buss. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv.
Vi meiner at det er viktig med ein god balanse mellom jobb og fritid -- med ei passe mengde arbeidsoppgåver. Er du glad i friluftsliv kan du kople av i både skog og fjell: det finst gode jakt- og fiskemoglegheiter. Den rurale bygda har i tillegg fleire idrettsanlegg med idrettsarenaer, fotballbaner og idrettshall med klatrevegg, skiløypenettverk og alpinsenter, og byr også på meir urbane tilbod som kulturhus, kino og galleri.