Consigue una respuesta de este empleador
Tu currículum y tu carta de presentación, adaptados exactamente a lo que buscan contratar.
Helse Stavanger søker jordmor til vår kombinerte føde-, barsel- og gynekologiske avdeling. Du blir ein del av eit engasjert fagmiljø med fokus på kvalitet, tryggleik og gode pasientopplevingar.
Avdelinga har om lag 400 fødslar og 450 gynekologiske operasjonar årleg. Stillinga inngår i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg, og vi legg vekt på opplæring og tett oppfølging i eit inkluderande arbeidsmiljø.
Vil du bli jordmor hos oss? Ved vår kombinerte føde-, barsel- og gynekologiske avdeling har vi no ledig stilling som jordmor. Her blir du ein del av eit engasjert fagmiljø med fokus på kvalitet, tryggleik og gode pasientopplevingar.
Avdelinga har om lag 400 fødslar og 450 gynekologiske operasjonar årleg. Vi har seleksjonskriterium for fødande og samarbeider tett med fødeavdelinga og nyføddintensiv ved Haugesund sjukehus for å sikre trygge og heilskaplege tenester.
Som jordmor hos oss får du ein variert og spennande arbeidskvardag innan føde, barsel og gynekologi. Vi legg stor vekt på god opplæring og tett oppfølging, og du vil få støtte frå erfarne og dyktige kollegaer. Arbeidsmiljøet vårt er prega av tverrfagleg samarbeid, høg kompetanse og eit sterkt engasjement for både pasientar og medarbeidarar. Hos oss får du moglegheit til fagleg utvikling, meistring og vekst i eit inkluderande arbeidsmiljø der vi spelar kvarandre gode. Stillinga inngår i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg.
Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi du søkjer hos oss og blir ein del av vårt team.
Vi oppfordrer alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Fonna har rundt 4500 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.