Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Haukeland sjukehus i Bergen søker jordmødre til Fødeavdelinga. Fire faste 100% stillingar i tre-delt turnus vil bli oppfylt, og alle kandidatar må kunne jobbe i 3-delt turnus.
Du må ha norsk autorisasjon som jordmor, god IKT-kompetanse og kunne kommunisere på norsk eller skandinavisk. Erfaring frå fødselsarbeid og STAN-sertifisering er ein fordel. Kontakt Kari Aarø for vidare informasjon og søknad.
Kvinneklinikken søker etter jordmødre som ønsker å jobbe hos oss.
Litt om Fødeavdelinga:
Kvinneklinikken har tre fødeeiningar: Føde A/B, Føde C og Føde D Storken. Føde A/B har ansvar for risikofødande og deira barseltid, samt gravide som blir innlagd i svangerskapet. Føde C er ei kombinert eining og ivaretar fødande i eit mellom-risikonivå. Føde D Storken er også ei kombinert lavrisiko føde-barseleining.
Ved Svangerskap og barselpoliklinikk har vi poliklinisk oppfølging for kvinner som får komplikasjonar i svangerskapet, terminkontrollar og ØH-situasjonar. Der er òg barseloppfølging, ammepoliklinikk og samtalar for kvinner med fødselsangst.
Fødeavdelinga er ein spennande arbeidsstad for jordmødrer som ønsker å vere med å utvikle heilskaplege omsorgsmodellar innan svangerskap- fødsel og barselomsorg. Vi søker etter jordmødrer som har interesse for alle fagområda innan fødselsomsorga. Det er tett samarbeid mellom alle seksjonane i Fødeavdelinga.
Stillinga er ved Fødeavdelinga, det er ledig 4 faste 100% stillingar i 3 delt turnus. Aktuelle kandidatar må kunne jobbe 3 delt turnus.
Vi søker etter jordmødrer som vil vere med å engasjere seg i utviklinga på Fødeavdelinga. Du er ansvarleg, løysingsorientert og bidrar med din veremåte til eit positivt og godt miljø for utvikling og teamarbeid.
Kari Aarø,Seksjonsleiar,41701662
Haukelandsveien 22
5021Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5183898927
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 05.10.2026
Søknadsfrist: 18.10.2026