Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Furene AS søker etter medarbeidar som kan bidra til tilrettelegging og karriererettleiing for personar som treng utvida bistand for å skaffe eller behalde arbeid. Du vil følgje opp arbeidstakarar og samarbeide med arbeidsgjevarar i praksis, arbeidsutprøving og formidling.
Arbeidet krev god relasjonsbygging og evne til å vere med i ulike arbeidsmiljø. Ein bil må brukast i arbeidet, og krav om poltattest kan kome ved tilsetjing.
Er trygg på deg sjølv og likar å vere med å bygge relasjonar
Likar å utfordre, bidra til løysingar og ha forventningar til andre og deg sjølv
Likar å vere ilag med og rundt alle typar folk
Meistrar å ha mange ballar i lufta, samstundes som du har eit klart kunde- og resultatfokus
Er god både på munnleg og skriftleg framstilling
Er positivt opptatt av å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Kjenner godt til arbeidslivet i 7-stjerna - kommunene vi jobbar i
Følge opp arbeidstakarar som har sin arbeidsstad i Furene, TA-tilsette, (personar som har behov for tilrettelagt arbeid) i Furene og dei som i tiltak ute hjå andre arbeidsgjevarar
Kontakt og oppfølging av arbeidsgjevarar i samband med praksisplassar, arbeidsutprøving og arbeidsformidling.
Karriererettleiing og oppfølging av personar som treng utvida bistand for å skaffe eller behalde arbeid
Samarbeid med NAV m.fl
Skriftleg rapportering etter gjeldande krav
Undervisning i mindre grupper
Samarbeid med lokalt næringsliv om framtidas kompetanse og opplæringsbehov og vegen fram til formell komptetanse
Bachelor, fagbrev eller tilsvarande - fagområder kan til dømes vere marknad og sal, HR, helse og sosialfag, pedagogikk
Gode digitale ferdigheiter og evne til å ta i bruk nye digitale verkty og system
Førarkort kl B
Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit kreativt og skapande miljø både i Furene og gjennom vårt medlemsskap i Kopano
Godt arbeidsmiljø og dyktige medarbeidarar
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Opplæring i relevante verkty
Aktivt trivselslag
Det er krav til bruk av eigen bil i arbeidet.
Politiattest vil bli kravd ved tilsetjing.
Spørsmål til stillinga kan rettast til Furene AS ved personalleiar Gro-Lise M. Rise på telefonnr. 97487094
Furene AS er ei av landets omlag 115 arbeids- og inkluderingsbedrifter med hovudkontor i Furene Industriområde i Volda, og avdelingar i Ørsta, Dragsund, Fiskå og Ulsteinvik.
I Furene AS set vi den einskilde person sin ståstad og kompetanse i sentrum. Vi søkjer å styrkje den einskilde si deltaking i arbeidslivet gjennom avklaring, kvalifisering, rehabilitering og ikkje minst motivasjon til å tru på eigne ferdigheiter. Slik skaffar vi næringslivet kompetent arbeidskraft.
Dette vert gjennomført ved at deltakarane får prøve seg i ulike arbeidssituasjonar både i våre lokaler eller ute hos eksterne samarbeidspartnarar. Gjennom arbeidspraksis får deltakarane trening i ulike jobbsituasjonar med rettleiing, tilrettelegging og rådgjeving under heile prosessen.
Furene AS har eit omfattande samarbeid med næringslivet på Søre Sunnmøre som eit ledd i attføringsarbeidet. Vi er også leverandør av varer og tenester til fleire store bedrifter på Søre Sunnmøre.