Una candidatura completa en un minuto
Currículum y carta de presentación personalizados, listos para enviar.
Høgskulen på Vestlandet (HVL) søkjer instituttleiar ved Institutt for helse og funksjon i Bergen i fireårig åremålsstilling med oppstart 01.03.2027.
Instituttleiar har det overordna ansvaret for instituttet, rapporterer til dekan og er leiargruppa sin, og skal vidareutvikle utdanning, forskning og samarbeid med samfunn og arbeidsliv. Lønn etter Statens lønsregulativ.
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund. Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi,samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium. HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 400tilsette og om lag 5700 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innen helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og videreutdanningar og flere masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta. Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena.
Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid. Ved Institutt for helse og funksjon er vi om lag 60 tilsette og 700 studentar med studiestad i Bergen. Vi har bachelorutdanningar i ergoterapi, fysioterapi og radiografi. I tillegg har vi også masterstudium i klinisk fysioterapi med tre studieretningar, masterstudium i kunnskapsbasert praksis med tre studieretningar og tverrfagleg internasjonalt masterstudium i Healthy aging and rehabilitation. Forsking og formidling knytt til desse fagområda og utdanningsforsking er ein viktig del av arbeidsoppgåvene våre.
Fakultet for helse og sosialvitskap søkjer instituttleiar for Institutt for helse og funksjon i fireårig åremålsstilling, med oppstart 01.03.2027.
Instituttleiar har det overordna ansvaret for instituttet og rapporterer til dekan. Leiargruppa er sett saman av seks assisterande instituttleiarar som rapporterer til instituttleiar.
Vi søkjer ein framtidsretta leiar, som er motivert for å bidra til å realisere strategien, måla og verdiane til høgskulen og fakultetet.
Instituttleiar skal delta i og videreutvikle høgskulen sitt samarbeid med samfunns- og arbeidslivpå heile Vestlandet og knyte sterke band mellom utdanning, forsking og nyskaping.
Instituttleiar har personalansvar for dei tilsette ved instituttet. Du skal sikre at både studentar og tilsette har eit trygt, inkluderande og stimulerande fag- og arbeidsmiljø, prega av ein organisasjonskultur der demokrati og medverknad er ein viktig del av identiteten og styreforma.
Du har også ansvar for at instituttet sine ressursar blir utnytta effektivt og i samsvar med tildelt budsjett.
Den som vert tilsett må rekne med ein del reiseverksemd mellom campusane.
Stillingasominstiuttleiar er lønnaetter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1475 - instituttleiar.
Vi gjer merksam på at i tråd medoffentleglova,kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentlegsjølv om søkjaren har bedeom å ikkjebli oppført påsøkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjeringikkje vert tekentil følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunneit personalpolitisk mål å oppnå eibalansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn,nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan komme til bruk i handsaming av søknadane.