Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Vi søker etter ingeniør/fagteknikar med erfaring innen prosjektering og prosjektgjennomføring. Arbeidet vil i hovudsak vere detaljprosjektering og oppfølging av bygg og utomhusanlegg, men også arbeid innan bygningsfysikk, BIM og kvalitetssikring kan vere aktuelt. Vi legg vekt på god fag- og miljøkompetanse, engasjement og samarbeidsevne. Søkjar må være ein dedikert lagspelar som trivast med allsidige oppgåver og har fokus på kvalitet.
100% stilling, lønn etter avtale, pensjons- og forsikringsordningar.
Gode vilkår for idé- og eigenutvikling i eit entusiastisk og tverrfagleg miljø.
Arbeidsstad Ålesund eller Ulsteinvik.
Søknadsfrist: 12.04.2026
Sporstøl Arkitekter AS vart etablert i 1991 og held til på Sunnmøre. Hovudkontoret vårt ligg i Ulsteinvik sentrum, og vi har avdelingskontor i Breivika, Ålesund. Her er vi midt i smørauget både når det gjeld gode buforhold og eit aktivt liv i storslått natur,men ikkje minst er området også kjent for framoverlente og kreative bedrifter. Våre oppdrag er varierte og spennande. Vi er i dag 19 tilsette, både arkitektar og bygningsingeniørar.